10 av dei yngste løperane til Hovdebygda IL konkurrerte søndag mot løperar frå heile Nordfjord i SSF-cup i fristil på Vangen skisenter. Vangen skisenter ligg på Fjelli, vel 20 kilometer frå Stryn sentrum. Anlegget var i 2004 arena for junior VM i skihopp der blant anna dobbeltvinnar frå Sotsji OL, Kamil Stock, tok sølv i lagkonkurransen for Polen. Føret under Vetenrennet 2014 minna og om det ein har hatt i Sotsji dei siste dagane, men løperane frå Hovdebygda takla dei tunge, litt lause forholda godt.

På pallen

I klasse gutar 13 år tok Adrian Flote ein sterk 3. plass i ei hard 3 kilometer løype. Han var kun få sekund frå andreplassen. Adrian har i heile vinter reist  frå Ulsteinvik til Hovdebygda for å gå på rulleski og til Hornindal for å gå på ski to dagar i veka. Kjekt at han denne dagen fekk igjen for  innsatsen med dette gode reultatet.

I klassa for jenter 13 år imponerte Svea Gretland med å gå heilt til topps. Spesielt imponerande sidan ho sesongdebuterte kun ei veke tidlegare, og har som dei fleste andre Hovdebygdaløperane fått trena lite med snø under skia til no i år.

Klassene 8-10 år gjekk 1 km med tidtaking, men utan rangering. Hovdebygda stilte her med 5 løperar som alle gjekk gode løp. I klasse jenter 7 år og yngre deltok 3 løperar frå Hovdebygda som alle skøyta seg gjennom si 500 metersløype med stor innsats.

Dag J Aa,

Hovdebygda langrenn