Ein mild start på vinteren har gjort det vanskeleg å finne gode treningstilhøve på ski. Hornindal skisenter hadde fleire opningsdagar i romjula, og Ørsta Alpin nytta sjansen og la to treningsøkter til skisenteret 30. desember og nyttårsaftan.

– Slik som forholda har vore her i romjula så vart det to dagar der inne. Det var veldig greitt og treningsforholda var greie, men det minkar på snøen også der, seier Arve Hovdenakk i Ørsta Alpin.

Til helga er det sesongopning for alpinistane på Bjorli, og Ørsta Alpin stiller truleg med rundt 15 alpinistar. Om snøen ikkje legg seg på Bondalseidet, vil Hornindal skisenter også vere ein alternativ treningsstad i tida framover.

– Det er heilt klart at vi halde fram å nytte skisenteret når det ikkje er forhold på Bondalseidet. Av og til vil vi nok også legge turen til Hornindal sjølv om det er ope på Bondalseidet. Årsaka til dette er at det er eit litt annleis terreng der inne, og det då får vi litt variasjon. Elles var det veldig positivt at vi vart godt tekne imot, og det var veldig greitt å kome til Hornindal, seier Hovdenakk, og understrekar også at ynsket om snø på Bondalseidet framleis er stort i Ørsta IL alpin.

Arve Hovdenakk i Ørsta Alpin seier at ynsket om snø på Bondalseidet framleis er stort, og at dei vil nytte Hornindal skisenter også i framtida for å variasjon i treningsarbeidet. Foto: Bengt Flaten