NM vert i arrangert i Oslo, og fredag klokka elleve er første kamp for G16 laget til KFUM Volda.
– Vi er klare, og gutane har vore klare ei stund. Det vert spennande å sjå nivået på dei andre laga, og korleis vi ligg an. Frå før kjenner vi Blindheim godt, og vi møtte Oslo Volley i Blindheimscup for nokre veker sidan. Sistnemnde spelte vi jamt imot, men då med eit par 17-års spelarar. Tradisjonelt sett har det kome eit godt lag frå nord, eit frå Austlandet og Hordaland-området. I tillegg til Førde som vi også kjenner godt, seier trenar Jarle Bae.
– Då kjempar vi om medaljane
KFUM Volda har førebudd seg godt til NM, og Bae trur også at sjansane er gode for at laget kan hevde seg i medaljekampen.
– Målsetjinga er å kome til ei semifinale, og då kjempar vi om medaljane. I puljespelet møter vi Blindheim, Rossvoll og Asker. Rossvoll vart meister i fjor, men det er vanskeleg å vite om årets utgåve er like god. Asker ligg omtrent på same nivå som Oslo Volley, og vi håpar at vi ligg eit lite hakk føre våre motstandarar, seier Bae.
– Håp om å vinne pulja
Sjølv om det ikkje skulle verte fullklaff i puljespelet, har laget gode sjansar til å ta seg vidare via omspel, og det er berre det siste laget i pulja som ikkje går vidare. Likevel er ambisjonane til laget høgare enn som så.
– Erfaringa frå tidlegare er at ein har råd til å tape ein kamp, men det tapet bør kome i puljespelet. Viss ikkje er ein ute. Håpet er at vi skal vinne pulja vår, og då få ein lettare veg inn i kvartfinalane.
– Eg er trygg på at det volleyballfaglege-nivået er minst like høgt på våre spelarar som på dei andre laga, så det handlar om å styre prestasjonsdelen og få fram den riktige vinnarmentaliteten, seier Bae.
Spelaroversikt
KFUM Volda har også laga ei oversikt over spelarane som skal til NM, og vonleg kjempe om edle metall.
Yngve Fremmerlid: Diagonalspelar som er treningsvillig, og har hatt stor framgang denne våren. Viktig og sterk spelar som gjer lite feil.
Knut Espe Bae: Kant/libro. Med sin gode serve kan han verte avgjerande dersom det klaffar. Plasseringssterk og klok spelar som har sin styrke i forsvar.
Henrik Alfsvåg: Oppleggjar/diagonal/libero. Altmogleg-mann som er ekstremt samvettsfull i treningsarbeidet, og er ei svært viktig brikke på laget. Svært god speleforståing og god lagspelar.
Øyvind Alfsvåg: Er den spelaren som har synt best framgang i vinter. Gjer alltid sitt beste, har sin styrke ved netter der smashane hans er vanskeleg å stoppe.
Sverre Fure: 1. oppleggjar og hjernen i laget. Med sin unge alder vert han sett på som den beste oppleggjaren i si årsklasse i Noreg, og er såleis ei svært viktig brikke på laget. Held oppe tradisjonen i Volda som oppleggjar-fabrikken.
Torkild Aarflot: Libero, og fyrverkeriet på bana. Kan gjere spektakulære redningar i forsvar i situasjonar der alle andre har gjeve opp. Trendsettar i. o. t rørsle på bana.
Emil Heltne: Midtspelar med svært god rekkjevidd. Avgjerande for laget at han får brukt sin spisskompetanse. Er frykta av motstandarane, og har utvikla seg godt i vinter.
Simon Hjertvik: Kantspelar, klippe i mottak, svært gode allroundeigenskapar. Ein sentral spelar ved nettet i sin kantposisjon. Har ein svært god spenst og fysiske føresetnader som gjer han til ein av nøkkelspelarane.
Herman Hjertvik: Kantspelar/diagonal. I posisjon 6 bak på bana les han og styrer spelet. Når han er framspelar er han ei angrepskraft som laget er heilt avhengig av. Ein av hjørnesteinane på laget.
Johannes Magerøy: Midtspelar/diagonal. Har hatt ei svært god utvikling i vinter, og har eit svært godt hopp. Kan verte ein joker på laget. Er ein stor lagspelar, og les spelet veldig bra som den frie blokkspelar.
Sølve Bergem Lia: Midtspelar og den uslepne diamanten på laget. Har ein veldig god fysikk, og er ein frykta blokkspelar på sitt alderssteg. Er den spelaren vi bruker i blokk mot motstandar sin best angripar.
Sverre Flåskjer: Midtspelar og kaptein. Frykta blokkspelar og angrepsspelar. Kan avgjere kampar aleine. Den på laget som har 3-meterskraft, og er viktig som supplement til angrepsrekkja framme.