I helga vart det arrangert KM i klassisk stil for skiløparane i fylket i Eidsdal. Hovdebygda IL ski var representert med Vegard Røyrhus og Sander Djupvik.

I klassisk stil normaldistanse konkurrerte Røyrhus mot Kornelius Glomnes, Bjørn Erik Langstein, Ådne Eide Stavseng og Ole-Henrik Lervik i G16-klassa. Det skulle vise seg raskt at konkurranse stod mellom Røyrhus og Lervik, som det også har gjort tidlegare. Lervik gjekk i mål på tida 15.16, og slo Røyrhus med 17 sekund. God innsats frå Røyrhus som sikra seg KM-sølv.

For Sander Djupvik var det berre ti små sekund opp til ein pallplass. Djupvik enda på ein fjerdeplass i G15-klassa bak Petter Elias Vestre Røkke, Petter Løset Skodjereite og Even Alexander R. Gikling. Djupvik gjekk i mål på tida 17.02.