Sunnmøre fotballkrins, saman med Nordmøre og Romsdal fotballkrins, er dei einaste fotballkrinsane som kome i gang med kvalitetsklubbkonseptet. 16 små og store sunnmørsklubber melde seg sist vinter på og forplikta seg til å setje i verk ulike prosessar i egen klubb for å kunne oppnå målet om å verte godkjent som Kvalitetsklubb på nivå 1.

– Det er lagt ned eit imponerande stykke arbeid ute i alle desse klubbane. Mange hadde riktig nok mykje på plass allereie då dei starta sine prosessar, mens andre nesten måtte starte med blanke ark. Dei har laga sportsplanar, organisasjonsplanar, laga ulike funksjonsbeskrivingar og fått på plass nøkkelpersonar, slik krava er skildra i kvalitetsklubbkonseptet, seier dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrins, Bjørn Oskar Haukeberg.

Av dei 16 klubbane som sette i gang med sine utviklingsprosessar, så klarte 12 klubbar å kome i mål innan fristen som var sett til 1. november i år. Alle desse 12 klubbane leverte solide søknader med grundig dokumentasjon på kva dei har jobba med og kor dei står i forhold til dei ulike kriteria som måtte oppfyllast.

– Derfor var det ikkje vanskeleg for krinsstyret å godkjenne alle de i12 klubbane, seier Haukeberg.

Oppnåeleg for alle

«Kvalitetsklubbkonseptet» er eit nytt system som vil vere retningsgivande for det meste av utviklingsarbeidet som gjerast i klubbane. Krinsen introduserer kriterium på tre nivå som anerkjenner god kvalitet i klubben. Dette bygger vidare på «klubben som sjef»-filosofien, men representerer ein enno større heilskap.

Kriteriesetta skal vere oppnåelege for alle klubbar, og det er lagt opp til ein naturleg progresjon. Alle kriteria får eit naturleg tillegg på neste nivå som klubbane må levere for å verte løfta vidare i programmet.

Dette vil auke kontinuiteten hos klubbleiarane, legge til rette for friviljugskap og sikre trygge omgivnad i barn og unges aktivitet. Hovudkriteria har sitt utspring i NFF sin handlingsplan og er konsentrert rundt krav til kompetanse, organisasjon, aktivitet og verdiar. Det utviklast i tillegg haldningsskapande kampanjar for både foreldre, trenere og spelarar.

– Dette er eit målbart verktøy som vil gje vår klubbaktivitet eit merkbart kvalitetsløft. Kvalitetsklubb er også eit produkt av ei større erfaringsutveksling med andre store fotballnasjonar, seier Haukeberg.

Vegen vidare

Etter nyttår skal Norges Fotballforbund lansere det nasjonale «kvalitetsklubbkonseptet». SFK har derfor valt å avvente vidareføringa av det lokale konseptet for dei klubbane som eventuelt ønskjer å utvikle seg vidare inn mot nivå to og tre.

– Vi vil bruke 2014 til å kvalitetssikre vårt lokale konsept opp mot det nasjonale. Vi veit at det ikkje vil vere dei store forskjellane, men samtidig er det også klart at heile konseptet vil vere dynamisk. Nokon kriterium kan derfor verte justert undervegs. Dessutan vil NFF lansere eit helt nytt styringsverktøy som krins og klubbar kan bruke for å sikre gode prosessar i kvalitetsklubbarbeidet. Derfor meiner vi det vil vere riktig at dei 12 klubbane som no er godkjent bruker 2014 på å kvalitetssikre arbeidet sitt ytterlegare. I tillegg vil vi naturlegvis opne opp for at nye klubbar kan melde seg på. Her har krinsstyret vedteke at både dei som starta opp prosessar i 2013 utan å levere søknad, i tillegg til evt. nye klubbar som ønskjer å komme i gang, må melde frå innan 10. januar 2014. Nærmare informasjon om dette vil komme seinare, seier Haukeberg.

Dei tolv klubbane som er godkjent er Bergsøy IL, Blindheim IL, Brattvåg IL, Emblem IL, Hessa IL, IL Hødd, SK Herd, SK Rollon, Spjelkavik IL, Tjørvåg IL, Vigra IL og Ørsta IL.