Fotballgruppa i Ørsta IL har lenge arbeidd med planane om ein kaldhall for fotball i området mellom kunstgrasbana og sjølve Ørsta stadion. Hallen skal byggjast i måla 43 gonger 65 meter, og det kvalifiserer også til spelemidlar. Spelemiddelobjekta er lysanlegget og sjølve speleflata inne i hallen.

Hallen er kostnadsrekna til 7,44 millionar kroner, inkludert moms. I summen er også dugnadsarbeid lagt til.

– Prosjektet er førehandsgodkjent med omsyn til plassering, bygging, parkering, behovsanalyse m.v. av Ørsta kommune. Departementet har også godkjent planane, seier styreleiar Petter Sandnes i fotballgruppa i søknaden til kommunen.

Konkret vert det søkt om ein simpel garanti for låneopptak på inntil 3,4 millionar kroner. Låneopptaket er basert på restfinansieringa i økonomiplanen for prosjektet på 2,798 millionarv kroner og dessutan ei forskottering av spelemidlar på 600.000 kroner.

I tillegg til garantien, ber fotballgruppa også om at Ørsta kommune vurderer ein årleg fast leigeavtale for bruk av fotballhallen. Her er ikkje summar nemnde.