I Møre-Nytt torsdag sa sportsleg leiar Frode Digernes i Ørsta IL fotball at Petter Aasen hadde fått « eit veldig godt økonomisk tilbod» frå Volda TI fotball. Det har vore mange reaksjonar, og leiar og fungerande sportsleg leiar Njål Sætre i Volda fotball understrekar at Aasen ikkje får betalt for å spele for Volda.

– Det er interessant at dette vert blåst opp utan at nokon veit kva som ligg bak definisjonen. Petter får ikkje betalt for å spele for Volda. Det som ligg i kontrakten er at klubben dekkjer utgifter til treningsleir på rundt 7.000 kroner til gjenytingar for at han stiller opp for fotballfritidsordninga eller andre målvaktsrelaterte oppgåver. Han er ikkje tilsett i klubben, og dette er ikkje nokon lønnsavtale. Det einaste økonomiske som ligg i dette er det som vert dekt til treningsleir.

Sætre er sjølv på ferie, og har ikkje fått prata med Aasen, men meiner at det er sportslege tilbodet som var avgjerande for overgangen.

– Det at vi satsar på opprykk og har eigen målvaktstrenar, som det stod i Møre-Nytt, er det som eg meiner og føler var viktig for han då han tok avgjerda.

Leiaren set lite pris på at dette har vorte ei sak i media og sosiale media.

– Det er svært beklageleg at det kjem ut i media, og at enkeltpersonar går ut på nettstader utan å ha noko dekning for det dei skriv. Det reagerer eg mest på, og at vi som klubb ikkje får moglegheit til å kommentere.

Sportsleg leiar Frode Digernes i Ørsta IL fotball seier dette til Møre-Nytt om saka.

– Vi veit ikkje kva tilbod Petter fekk frå Volda, men han sa til oss at hadde fått eit godt økonomisk tilbod, seier Digernes. Og han står ved det han sa i intervjuet med Møre-Nytt i torsdagsavisa.