Eittmålstapet mot Hødd førre helg har vore det einaste feilskjeret i sesongopninga til Ørsta sitt damelag. Elles har fasiten vore solide sigrar, og Ørsta låg i toppen av 4. divisjon før bortemøtet med Sykkylven søndag. Ørsta-damene heldt fram med den gode trenden, og utover i kampen vart det klart at dette ville verte to nye poeng. Ørsta vann til slutt kampen med komfortable 41–19. På sine seks første kampar denne sesongen har Ørsta skåra 200 mål, og dette gjev eit snitt på over 33 mål per kamp. Ørsta toppar også tabellen i 4. divisjon, men har to kampar meir spelt enn dei andre topplaga. No ventar ei spelefri helg før Rollon er motstandar på heimebane 10. november.

Kampfakta

Sykkylven – Ørsta 19–41

Ørsta: Helene Fagerhol, Inger-Anne Stokke, Karoline Eikås (1), Silje Anette Nupen Sandnes (8), Michelle Holvik (2), Monica Skare (11), Nina Hustad (2), Mari Kvien Håskjold (2), Lone Knutsen (5), Ida-Therese Egset (10)

Utvisingar: Ørsta 1x2min