Det er eit yrande liv i Voldahallen frå tidleg morgon til seint om kvelden dei tre dagane noregsmeisterskapen går føre seg. Det er junior og eldre junior, i aldersgruppene 17 til 21 år som deltek på meisterskapen.

Leiinga i Volda og Ørsta Bordtennisklubb har planlagt arrangementet i fleire månader, og førti funksjonærar er henta inn for å halde styr på resultata under NM.

Idrettsleg leiar Bengt Paulsen i Norges Bordtennisforbund seier at høg aktivitet i klubben er ei medverkande årsak til at noregsmeisterskapen vart lagt til Volda i år.

– Vi prøver å spreie arrangementa over heile landet. Klubben i Volda er nyskipa, men har fått til mykje på kort tid. Volda og Ørsta Bordtennisklubb er ein driftig klubb som satsar både på topp og breidde. Vi har tidlegare hatt suksess mes at nye arrangørar legg sjela si i arbeidet med å vere vertskap, seier Paulsen.

– Gøy å spele mot dei beste

Frå Volda og Ørsta Bordtennisklubb er to jenter og fire gutar deltakarar i NM. Sofie Sletteberg (17) frå Ålesund og Tiril Egset Mork (13) var fredag klare til å spele sine første kampar.

– Eg er litt nervøs, men det skal verte gøy å spele mot dei beste i Noreg. Eg har trent intensivt siste veka. Eg trur ikkje eg har sjanse til å vinne, så eg går ikkje for topplassering, men det er kjekt å få erfaring, seier Sletteberg. Venninna Tiril Egset Mork såg også å få bryne seg mot dei beste i landet.

– Eg satsar på å gjere mitt beste. Det hadde vore kjekt med ei god plassering, men det viktigaste er å gjere sitt beste og bruke det ein har lært, seier ho.

Skryt til klubben

Begge dei to rosar bordtennisklubben med Tor Hallaråker i spissen for god opplæring i sporten.

– Det er ein utruleg bra klubb. Tor er veldig flink til å organisere og følgje opp spelarane. Det er eit veldig godt miljø i Volda, meiner Sletteberg.

– Ja, klubben er aktiv og har ivrige trenarar. Klubben har hatt stor framgang på kort tid, og vi spelar no saman med dei beste i landet, seier Egset Mork.

Bordtennis-NM varer til søndag ettermiddag, og det er gratis for tilskodarar å kome inn og sjå på.

Tiril Egset Mork og Sofie Sletteberg gler seg til å spele mot dei beste i Noreg.