55 jenter og gutar i ørstafotballen reiste på sin første overnattingscup. Så det var ein spent og forventningsfull gjeng som kom til Selje fredag. Kvelden gjekk med til å finne seg til rette på klasserom på Selje skule, utforske området, ete kveldsmat og legge fram utstyr til laurdagens kampar.

Å bu på Selje skule var heilt suverent med banene rett utanfor skulen og alt ein trengte i gangavstand.

Laurdag var det tidleg morgon med vekking kl. 0700. Spelarane var imponerande raske på med drakt og utstyr og med ein god frukost på Selje samfunnshus var spelarane klare til full innsats i dei første kampane frå kl. 0830.

Ørsta G11. Foto: Privat

Utover laurdagen var dei fem Ørsta-laga involvert i 15 kampar og dei imponerte alle med godt spel og masse mål. Nokre sigrar, uavgjort og tap vart fasiten når siste kamp var ferdig 20.00. Mellom kampane var spelarane ein ivrig og høglydt heiagjeng for andre Ørsta-lag som spilte.

Innimellom kampane vart det også tid til bading på den fantastiske Seljestranda, beachvolleyball, tømme Coop butikken for snop og få inspirasjon av trikseguru Tobias Brandal Busæt med sine utrulege ferdigheiter.

Ørsta G11. Foto: Privat

I god Seljecup-tradisjon fekk laga servert grillmat laurdag før det var dusj, på med litervis med parfyme og så vise litt dansemoves på diskoen.

Søndag var dei første laga i gang 08.00 med litt tyngre bein, men også denne dagen leverte Ørsta-laga strålande innsats og spel.

Ørsta fotball stilte også med dei tre rekrutteringsdommarane Fredric Lianes, Andreas Smehus Lind og Petter Krumsvik Aamaas som alle fekk mykje skryt av arrangøren.

Ørsta J11. Foto: Privat

Spelarar, trenarar, lagleiarar, heiagjengen, sjåførar, domarar, arrangør og andre gjorde dette til ein utruleg kjekk helg med nye vennskap, samhald og minner som jentene og gutane frå Ørsta Fotball vil hugse i lang tid framover, kanskje resten av livet.

Dette var drømmenes teater for 55 jenter og gutar frå Ørsta. Sjølv om vegen er lang, er det framleis lov og viktig å drøyme om å bli ein Håland eller Ødegaard.

Ørsta G11. Foto: Privat