Første stemne er rekrutteringscup nr. 1 med gateløp tysdag 25. april. Dei siste åra har det vore svært godt frammøte på gateløpet. Friidrettsgruppa ønskjer gamle og nye utøvarar velkomne til å delta på gateløpet, fortel Ole Øyehaug, leiar i Ørsta IL friidrett, i ei pressemelding.

Alle frå fire år og oppover kan delta i gateløpet. Gateløpet vert arrangert med start og målgang mellom ungdomsskulen og Brødr. Øyehaug. Det vert påmelding ved start.

– I år er det 32. gong friidrettscupen blir arrangert. Cupen består av seks stemne der dei aller minste også får delta. Cupen har samla godt over 100 deltakarar dei siste åra, fortel Øyehaug.

I år er dei tre store stemna til Ørsta IL friidrett del av friidrettscupen.

– Utøvarane får dermed ekstra motivasjon til å delta på store stemne. Dei store stemna er Ørstastafetten og Sparebank1-leikane i mai/juni og Ørstaleikane i august. Sesongen vert avslutta i september med premieutdeling for cupen, fortel Øyehaug.

Ørsta IL friidrett ønskjer gamle og nye utøvarar velkomne til ein ny sesong.

– Med mykje aktivitet og med gode og motiverte trenarar.