– No er vi endeleg på plass. Det har vore ein prosess som har teke 3–4 månader, og vi er veldig glad for å vere her i Ørsta. Det er ein bra stad, og dei folka som vi har møtt har vore veldig hyggelege, seier Runarsson.

– Må få dei i form

Saman med kona og tre born har familien slått seg ned i Ørsta. Den eldste dottera på 15 år er framleis på Island, og både Björgvin og kona har fått seg arbeid ved sida av handballen. Herrelaget i Ørsta har stilt opp på diverse dugnader for å dekke det klubben skal bruke i lønn på trenaren, og planen er at Runarsson skal kome heile handballmiljøet i Ørsta til gode. Då han var i Ørsta førre gong, vart det gjennomført fleire treningar med herrelaget i tredje divisjon, og han hadde også ansvaret på sidelina i ein seriekamp. Den gongen var han klar på kva som måtte verte betre, og dei same tinga gjeld framleis.

– Tankesettet til spelarane må endrast, og så må vi få dei i form, seier Runarsson.

Målsetjinga er opprykk

Handballtrenaren kom på plass i Ørsta førre veke, og laurdag vart den første treninga gjennomført på Ørsta stadion. Runarsson har ei klar målsetjing for sesongen, og har trua på laget.

– Laget vi har no er bra, og målet er opprykk til andre divisjon denne sesongen. Av spelarane som var her i mars , er åtti prosent med vidare, i tillegg til at det kjem to nye spelarar frå Bergsøy. Vi vil ha eit veldig sterkt lag, og vi har ein tropp på 18–20 spelarar. I tillegg er det tre spelarar frå G16-laget som vil trene med herrelaget, seier Runarsson.

Gjennomført struktur i klubben

Handballtrenaren ynskjer også å innføre ein filosofi i klubben som vil vere positiv over tid.

– Hovudmålet er å trene herrelaget, men eg vil assistere på G16 og heile vegen ned. Vi vil byggje opp ein struktur der alle laga spelar det same systemet. På den måten vil det vere enklare for unge spelarar som kjem opp på herrelaget å etablere seg sidan dei kjenner systemet, seier Runarsson.

– Treng ny hall

Handballtrenaren seier at han har trua på at ein kan få det til i Ørsta, og viss ikkje så ville han ikkje ha vore her. For at ein skal lukkast over lengre tid understrekar han at det er behov for ein ny hall som inkluderer mange idrettar.

– Vi treng ein ny hall i Ørsta. Ikkje berre for handballen, men for alle idrettane. I ein slik hall kan ein også å konsertar, forretningsmesser og kanskje landskampar i handball. Slike tilstellingar får folk til Ørsta som igjen vil gje pengar til kommunen. Ein ny hall vil først og fremst vere veldig positivt for born. Det er betre å halde på med ein sport enn at ein sit framfor datamaskina heile dagen, seier Runarsson.

– Forandre tankegangen

Vestmannaeyjar, ei lita vulkanske øygruppe på sørkysten av Island, med litt over 4.000 innbyggjarar er heimstaden til Runarsson. Samfunnet og næringslivet støttar opp om idretten, og innbyggjarane har m.a. fire fotballbaner og tre handballbaner. Den islandske mentaliteten er kanskje litt annleis enn den norske, og Runarsson ynskjer å ta med seg dette til Ørsta.

– Det første eg innsåg då eg snakka med spelarane var at dei måtte endre tankegangen til sporten. Det dei gjer på trening og på bana er ikkje for meg eller styret i klubben, men for seg sjølv. Eg har vore innom alle landslag på Island, og når ein føler at ein er ein del av eit godt lag så aukar også sjølvtilliten, seier Runarsson.

– Korleis ser framtida til handballen i Ørsta ut?

– Handballen i Ørsta har ei veldig lys framtid. Vi har rundt tjue spelarar, og vi vil vere eit godt lag denne sesongen. Eg har kontrakt på å vere her i to år, men eg håper at eg framleis er her om tjue år, seier Runarsson med eit smil.

– Vil vere ein del av laget

For spelarane på herrelaget i Ørsta vert det også ei forandring med Runarsson som trenar.

– Vi har no hatt tre treningar, og dei ser no kva dei har å gjere med. Eg vil ikkje at det skal vere avstand mellom meg og spelarane, men at eg er ein del av laget. Det vil vere strenge reglar, men vi skal vere som ein familie. Dette gjeld også heile klubben, og eg ynskjer også å gje ros til styret i klubben som jobbar veldig bra for handballen i Ørsta, seier Runarsson.

Handballtrenaren er klar på at spelarane må kome i form, og den jobben er han allereie i gang med.