Både Terje Haugen Øye, som var i Ørsta-drakta i 2010, og Jørgen Winjevoll, som er oppflaska i Ørsta og ny i Volda-stallen i år, skåra for Volda. Også målvakt Petter Aasen, som gjekk til Volda før denne sesongen, var med på å sikre sigeren for gjestene.

Det fyrste kvarteret var jamspelt, og utan større sjansar for nokon av laga.

Haugen Øye

Etter femten minutt tok Volda leiinga. Eit innlegg gjekk over Ørsta sin midtstoppar Daniel Aakre, og landa i beina på Terje Haugen Øye. Ex Sæbø- og Ørsta-spelaren er no kaptein for Volda, og Haugen Øye let ikkje ein slik sjanse gå frå seg. Han skaut ballen i mål via stonga og inn. Ørsta si målvakt Nikolai Brune Engeset kunne lite gjere. Ørsta fekk seg ein ny nedtur fem minutt seinare. Då måtte Robert Steinnes gå ut med skade. Det er mistanke om avrivne leddband, og i så fall ser det stygt ut for denne fotballsesongen.

Ørsta ville vere med i kampen, og etter tjuefem minutt fyrste Lars Olav Winjevoll av. Skotet var godt, men strauk på oversida av tverrliggjaren.

Isak Husøy

Etter tretti minutt vart det 2–0 til Volda. Volda forserte fint opp langs sida, og det vart lagt inn framfor mål. Isak Husøy møtte ballen ved første stolpe, og skaut inn 2–0 for Volda.

Laga veksla om å produsere sjansar mot slutten av omgangen. Haugen Øye hadde ein farleg sjanse for Volda, medan både Sjur Haug og Vetle Dagfinrud hadde gode sjansar for Ørsta.

Pauseresultatet vart 2–0 til gjestene. Og det gjekk ikkje mange minutt av andre omgang før Volda i praksis avgjorde kampen.

Jørgen Winjevoll

Etter 47 minutt fekk Jørgen Winjevoll ballen på bakarste stolpe, og han skåra sikker for Volda.

Ørsta gav ikkje opp, og etter om lag 60 minutt vart det 1–3. Terje Rebbestad kom seg laus på kanten, og la inn i feltet. Der fekk Mats Øvrebotten kontroll på ballen, og han reduserte for Ørsta.

Etter dette hadde Ørsta eit visst trykk, men det vart ikkje særlege farlege sjansar av det.

Volda best

Faktisk var det Volda som var nærmast å skåre. Anders Heggen avslutta utanfor frå god posisjon, og Ørsta-målvakt Nikolai Brune Engeset måtte også strekkje seg nokre gonger for å avverje skåring. Jørgen Winjevoll var også nær ved å skåre i sluttminutta. Situasjonen vart avverja, og Ørsta kontra. Terje Rebbestad vart spelt igjennom, og vart takla av Christoffer Bjerknes på sekstenmeterstreken. Det kunne sjå ut som frispark eller straffespark, men det vart i staden dømt frispark til Volda. Og Terje Rebbestad fekk gult kort for filming.

Kampen ebba ut med 3–1 til Volda, og dermed vart det eit kort cupeventyr for Ørsta i 2012.

Skilnaden på laga var evna til å skape farlege sjansar, og å utnytte dei. Der var Volda nokre strå kvassare enn Ørsta.

300 selde billettar

Kampen bar preg av å vere den fyrste obligatoriske i år, for tempoet var heller labert. Om lag 300 løyste billett til kampen, men talet på tilskodarar var høgare.

Etter kampen følte Ørsta-trenar Henning Nygård at det kunne ha vorte spennande mot slutten hadde heimelaget fått nokre avgjerder i sin favør.

- Totalt sett skapar Volda fleire store sjansar enn oss, og er betre. Eg føler at 3-1 var litt mykje, og hadde vi hatt litt tur mot slutten kunne det ha vorte spennande. I staden får vi nokre avgjerder mot oss, seier Nygård.

Volda-trenar Arild Hagen Bakke meiner at det var ein fortent siger til bortelaget.

- Eg tykkjer at vi er det beste laget gjennom heile kampen. Det er godt å vise at vi er på i 90 minutt, sjølv om det er nokre perioder der vi dett litt langt ned. Vi er effektive på sjansane fram til 3-0, men etter det er vi lite effektive. Vi skapar nok sjansar til å skåre fire, fem og seks, seier Hagen Bakke.