Truleg vert Molde/Elnesvågen den tøffaste konkurrenten i kampen om opprykk til 2. divisjon. Ein dårleg start på kampen av Ørsta/Volda gjorde at dei var fire-seks mål bak gjennom store delar av kampen. Gjestene fekk ikkje utteljing i angrep og heimelaget skåra jamt. Mot tampen av kampen vart Ørsta/Volda straffa for feil i angrep, og vertane kontra inn mål. Dermed vart det til slutt 31-22-siger for Molde/Elnesvågen.

– Vi møter eit betre lag, og vi taper forbi vi ikkje er førebudd på nivået som vi møter kampen. Vi sleit offensivt. Vi hadde ein god strategi mot angrepet til Molde, og vi forsvaret oss godt. Resultatet lyg også litt med tanke på forskjellen på laga, og dei var 4–5 mål betre enn oss. Kampen gav oss eit klart bilete på kva vi må øve på, og det er ikkje så mykje som må justerast på før vi møter dei på heimebane. Vi har ikkje møtt så god motstand tidlegare i år, og i dei kampane har vi ikkje fått sett våre eigne manglar. Vi gjorde mykje bra i kampen, og det skal vi ta med oss, seier trenar Lars Øie.

Komande laurdag er det klart for heimekamp mot Strindheim 2, og vertane må vinne for å henge med i opprykkskampen.

Kampfakta

Molde/Elnesvågen - Ørsta/Volda 31-22 (14-8)

Idrettens Hus

Ørsta/Volda: Bjørn Vik Henriksen, Vidar Eidså, Emil Bjørdal (1), Per Ingebrigtsen (1), Bendik Bjerke (3), Xavi Vegas (1), Stian Skaar (1), Tom Slenes (2), Anders Vatsaas (4), Leif-Erik Brenne (7), Brage Snarud, Bendiks Reklev Øverbø, Jonas Sira og Sondre Mork (2).