Ikkje alt har gått vegen for Vartdal gjennom årets vårsesong. Onsdag kveld var laget innstilt på å få ei god avslutning mot Sykkylven 2. Eitt poeng skilde laga før kampstart i favør Vartdal. Sykkylven 2 tok leiinga i kampen før Christian Åsen Kristoffersen skåra for gjestene og utlikna. Jostein Bjørlykhaug sende Vartdal i leiinga frå straffemerket og Vartdal gjekk til pause med 2-1-leiing.

Etter kvilen var Kristoffersen, som vart kampens store spelar, igjen frampå for Vartdal og auka til 3-1. Den unge Vartdal-spelaren var ikkje ferdig framfor mål og fastsette sluttresultatet til 4-1-siger for bortelaget.

Dette var Vartdal sin tredje siger for sesongen. Det har blitt ti poeng på ti kampar for Vartdal sin del i vårsesongen, og dei ligg på 6. plass i 6. divisjon avdeling 2.