Ørsta skal møte Aksla, Langevåg, Spjelkavik og SIF/Hessa i årets kvalifisering til 1. divisjon for G19. Første kamp vart spelt onsdag kveld og Ørsta tok turen til Hessa kunstgras for å møte SIF/Hessa. Kampen var åtte minutt gammal då Olai Vinjevoll sende Ørsta i føringa. Ikkje lenge etterpå utlikna heimelaget, men Vinjevoll sende Ørsta tilbake i leiinga etter 30 minutt. Andreas Skarmyr Egset skåra Ørsta sitt tredje mål i kampen, og gjestene gjekk til pause med 3-1-leiing.

Etter kvilen auka Amer Moussa til 4–1 etter 74 minutt og heilt på tampen av kampen fastsette Borgar Ose sluttresultatet til 5-1-siger for Ørsta.

Neste kamp for Ørsta er i Sparebanken Møre Arena mot Langevåg 4. februar. Laget som tek førsteplassen i kvalifiseringsgruppa er også kvalifisert til NM G19. Dei tre beste laga vil spele i 1. divisjon i 2018.