Denne helga skal Volda-damene spele kvalifisering for 1.divisjon. Denne kvalifiseringa er lagt til Moss med Rygge HK som arrangør. Laget reiser frå Volda tidleg fredag morgon. Det er seks lag som er med i denne kvalifiseringa. Laga er delt i to puljer. Volda er i pulje med Fana og Nerbø. I den andre pulja spelar Hønefoss, Junkeren og Rygge HK. Volda møter Nerbø og Fana laurdag. Med siger i begge kampane er dei klare for 1.divisjon. Blir dei nummer to i pulja, blir det ekstrakamp på søndag om den siste ledige plassen i 1.divisjon.

Godt budde

Laget har vore samla heile påska og har trent svært godt. Tysdag kveld tok dei turen til Ålesund for å få spelt ein treningskamp. Dei møtte Ålesund HK og vann 33-26 i ei kamp som gjekk over 3x20 minutt og der trenar Alfred Finnson gav alle spelarane mykje speletid. Ei flott gjennomkøyring før helgas kvalifiseringskamper.