Hovdebygda/Volda 2 har overraska mange med tanke på forventningane før sesongen. Med siger mot Herd 2 onsdag ville laget ha god kontakt med Stordal, Emblem og Vartdal, og vere eit av topplaga i femte divisjon. Herd 2 stod med ein siger på fem kampar før oppgjeret, og denne kom på heimebane. Som venta stilte dei med eit godt lag inkludert fleire a-lagsspelarar og tidlegare AaFK- og Strømsgodset-spiss Lasse Olsen på laget. HIL beit likevel god frå seg, og gjekk til pause med ei 1–0-leiing etter eit mål av Mohammed Abdirahman. Hovdebygda/Volda 2 forsvarte seg også godt utover i andre omgang, men med rundt tjue minutt igjen av kampen slo heimelaget tilbake. I denne perioden skåra Herd 2 tre mål ved Lasse Olsen, Johannes Karlsen og Anders Kløvning, og snudde kampen.

– Ein godkjent kamp

Dermed vart det tap for tredje gong denne sesongen for bortelaget, men trenar Vagn Scheide Mork er ikkje misnøgd med kampen.

– Det vart ein litt vanskeleg kamp då Herd 2 brukte a-lagsspelarar og gamle heltar som Lasse Olsen. Då vert det vanskeleg for oss å stå imot i nitti minutt. Vi tok leiinga i kampen, og klarte å halde den til det var spelt rundt sytti minutt. Vi jobba bra disiplinert defensivt, og med tanke på motstandaren så var dette ein godkjent kamp av oss, seier Scheide Mork.

Luke til topplaga

Før kampen meinte Scheide Mork at det var viktig med tre poeng mot Herd 2 og Hasundgot før ferien for å henge med topplaga. Med tap vart det ei luke på fem poeng opp til Emblem på tredjeplass.

– At det vart ei luke var dumt, og hadde vi vunne hadde vi framleis vore med. Alt kan framleis skje, og det er berre for oss å slå topplaga når vi møter dei. Om toget ikkje er gått så vert det i alle fall vanskeleg å blande seg inn i toppkampen, seier Scheide Mork.

– Tatt utfordringa på strak hand

Trenaren gler seg over er at dei unge spelarane held fram med å vise gode prestasjonar for laget.

– Vi byrjar å få fram fleire gode unge spelarar. Både Robert Roset og Bjørnar Holen er unge karar som har teke utfordringa på strak arm, og dei leverte ein god kamp mot Herd 2. I tillegg til desse var også Øystein Hovden god for oss, seier Scheide Mork.

Hovdebygda/Volda 2 ligg framleis på ein fjerdeplass i femte divisjon med ein kamp meir spelt enn laga rundt seg på tabellen. Komande veke vert det spelefri for laget grunna at Ørskog trekte laget sitt før sesongen. Neste kamp er difor borte mot Hasundgot den 20. juni – før det er sommarferie.