Åmdal var det beste laget mot Ravn på Legene, og står no med full pott på heimebane etter 3–2-siger mot Ravn.

Ravn er eit av laga som har overraska i starten av årets sesong, og stod med tre sigrar og eit tap før oppgjeret mot Åmdal onsdag. Heimelaget på si side stod med to sigrar og to tap, men var lystne på å revansjere 2–3 mot Langevåg 16. mai. I første omgang var det stillingskrig mellom laga. Ravn fekk tid til å byggje opp spelet sitt, men klarte ikkje å skape dei store sjansane. For Åmdal var Øystein Frøyland på venstresida aktiv, og fekk lagt inn fleire gonger utan at det gav teljande resultat framfor mål. Laga gjekk dermed til pause på stillinga 0–0.

Fem mål i andreomgang

I andre omgang opna spelet seg meir, og Åmdal gjekk meir offensivt ut enn kva dei gjorde i førsteomgang. Allereie etter eitt minutt gav det teljande resultat. Andre Dvergsdal slo eit godt hjørnespark som Ole Martin Korsnes møtte og banka i mål, og 1–0 Åmdal.

Fem minutt seinare fekk Ravn enkelt kome til på sida, og framfor mål fekk ein Ravn-spelar pirka ballen i mål til 1–1. Det tok likevel berre nokon minutt før Åmdal igjen var i føringa. Kristian Sirnes sitt frispark gjekk i tverrliggjaren, via ryggen til målvakt, og i mål. Etter skåringa tok Åmdal over kampen, og det vart skapt fleire store sjansar. Simon Gjøen var gjennom fleire gonger, og om hadde vore litt meir egoistisk i nokon av situasjonane hadde Åmdal auka leiinga.

Tredje strake heime

Kim Myklebust og Stian Folkedal hadde også store sjansar til auke leiinga, men det måtte eit hjørnespark til før Åmdal igjen fekk teljande resultat. Dvergsdal tok hjørnesparket med eit kvarter igjen av kampen. På bakarste stolpe møtte Frøyland og sette inn 3–1 til Åmdal. Ravn hadde ikkje så mykje å kome med i avslutninga, men fire minutt på overtid reduserte gjestene til 2–3. Etter avsparket blåste dommaren av kampen, og Åmdal kunne juble for sin tredje strake siger på Legene på tre forsøk denne sesongen.

Hovdebygda med årsbeste

Hovdebygda leverte sin beste kamp så langt denne sesongen borte mot Vigra onsdag. Sjølv med ein mann mindre på bana i store delar av kampen, var bortelaget best, og vann kampen 3–1.

Etter uavgjort mot Vartdal 16. mai håpte Hovdebygda å kome tilbake på vinnarsporet då dei tok turen til Rota gras onsdag kveld. Vigra hadde tapt mot Vartdal og Ravn i sin to siste kampar, og var innstilte på å snu den dårlege trenden mot Hovdebygda. Grunna ei ulykke i Ellingsøytunnelen vart både Hovdebygda og nokre Vigra-spelarar forseinka til kampen, og kampstart vart utsett ein time. Då laga kom på bana var det Hovdebygda som tok kommandoen frå start. Allereie etter eitt minutt var Kjetil Kalvatn åleine igjennom med målvakta, men avslutning gjekk på feil side av stolpen.

Trøkk

Hovdebygda hadde fullt trøkk i spelet sitt i opninga, og førte kampen dei første tjue minutta. Eit kvarter ut kampen fekk Yngve Trandal draumetreff frå tjue meter, og klinka ballen i mål heilt oppe i vinkelen. 1–0 til Hovdebygda. Vigra kom meir med i kampen i siste halvdel av omgangen. Magnus Aarset fekk raudt kort då det var spelt ein halvtime. Begge laga skapte sjansar, men heimelaget fekk tildelt straffespark rett før pause. Adrian Rørseth sette straffesparket sikkert i mål, og dermed var laga like langt då dei gjekk til pause.

Skurtveit sitt første seniormål

Kampbiletet frå andre halvdel av førsteomgang heldt fram i andre omgang. Begge lag var farleg frampå, og kampen stod å bikka. Med tjue minutt igjen av kampen var Skjalg Digernes vaken på eit frispark-innlegg, og sklei Hovdebygda i føringa. Lufta gjekk ut av Vigra etter målet, og Hovdebygda kontrollerte. I sluttminutta nikka Martin Skurtveit inn 3–1 målet etter eit frispark, og med sitt første seniormål for Hovdebygda sikra han også tre poeng til bortelaget.

Trenarkommentarane kan du lese i papirutgåva laurdag.