Dei siste sesongane har Vartdal vore heilt i toppen av 5. divisjon, men har ikkje klart å kapre ein opprykksplass. Etter fire år med trenaransvaret gav Kenneth Nydahl seg i fjor, og no er det Bjarte Flåskjer og Einar Arne Roth som styrar laget. Vartdal trenar både i Kiwihallen og på Vartdal, og trenarduoen er nøgd med spelargruppa dei har å jobbe med.

– Vi er eit godt lag når alle er på plass, men frammøtet har vore litt for dårleg den siste tida. I utgangspunktet har vi ein stall på nærare 25 spelarar, men det har vore mykje skader og reising i samband med jobb.

– Skal vere i toppen

Spelarstallen til Vartdal har ikkje endra seg stort frå sesongen i fjor. Det har kome på plass nokre nye studentar frå Volda, i tillegg til at Frank Ristesund er på veg tilbake i Vartdal-drakta. Thomas Gjerde som var målvakt i fjor er vekke, men Allan Kjærbech er på plass som erstattar og Vartdal har også 16-åringen Håvard Sætre som kan vakte målet. I tillegg til Sætre er det fleire yngre spelarar på veg opp. Med dette utgangspunktet har Roth og Flåskjer von om at Vartdal skal hevde seg godt i årets 5. divisjon.

– Målsetjinga er at vi skal vere i toppen og kjempe om opprykk, og det er naturleg då laget har vore i toppen av divisjonen tre år på rad, seier Roth.

– Ser ein på startellevaren, pluss ein god del spelarar til, så har vi meir enn godt nok lag mann for mann, men dei må trene, seier Flåskjer.

– Offensiv og teknisk fotball

Trenarduoen håpar at årets utgåve av Vartdal skal underhalde publikum på Remen, og at enno fleire kjem for å sjå heimekampane enn tidlegare.

– Mest truleg vil vi spele 4-3-3, og det vert offensiv og teknisk fotball. Det vert ikkje noko drøsing, og vi likar at det vert spelt fotball. Målet er å få tilbake litt av det som var før i tida, og som både eg og Einar Arne har fått opplevd, seier Flåskjer.

– Der er potensial for mykje folk på Remen, og det håper vi verkeleg skjer i løpet av sesongen, seier Roth.

Så langt i oppkøyringa har ikkje Vartdal spelt treningskampar, men dei ynskjer å kome i gang i tida framover.