Kriblar du etter å gå tur og er klar for å registrere kodar? Då kan Sunnmøre friluftsråd melde at dei 1. mai er klar for ein ny Stikk UT!-sesong.
Utvalet er bra: 276 turmål på Sunnmøre og 500 i heile fylket er registrert.
– Stikk UT! er landets beste turtrim. I fjor hadde vi 50.000 deltakarar og 1,2 million registrerte turar over heile landet, fortel Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg i Sunnmøre friluftsråd i ei pressemelding.
20. april vert årets Stikk UT!-turmål lansert i Stikk UT!-appen og på www.stikkut.no
Bedrifter
Også bedrifter kan vere med.
– Stikk UT! Bedrift er eit eige konsept i Stikk UT! og passar for både private og offentlege verksemder. Vi ønsker både nye og tidlegare påmelde bedrifter velkomne til å vere med. De kan velgje mellom tre ulike bedriftspakkar, fortel Ellingsæter.
Stikk UT!-kartet kjem i postkassa til alle husstandar i Møre og Romsdal siste veka i april.
– Vi håpar de finn inspirasjon til mange fine turar, Hilde Ellingsæter i pressemeldinga.