18. juni går startskotet i Ørsta Fjellmaraton. Terreng- og fjelløpet med start på Barstad i Follestaddalen har vore ein årleg suksess sidan oppstarten. Komande laurdag er det klart for ei ny utgåve av kraftprøven.

– Det er tre distansar du kan velje mellom, som vi har hatt dei siste åra. Kort løype på 7.2 km, så halvmaraton og heilmaraton, heiter det frå arrangørane.

I tillegg vert det også arrangert barneløp.

– Dette er det veldig stor interesse for. Opplegget er at borna går eller spring så mange rundar som dei orkar i ei løype på omkring 300 meter.

I år er det sjuande gongen at Ørsta Fjellmaraton blir arrangert. Arrangøren minner om at det er helse- og heieplikt under løpet.