Takka vere trottige foreldre frå Vartdalsstranda som har skyssa ungdomane til og frå og dessutan vore med på opplæringa, er resultata no i ferd med å vise att.

Dei unge skyttarane har delteke i både utandørs baneskyting og innandørs miniatyrskyting og konkurranseinstinktet har alt gripe tak i dei. Dei har såleis delteke i skytestemner og fått samanlikna seg med aspirantar frå andre skyttarlag. Denne veka har dei skote om ”Julekrusa”, ein årleg førejulskonkurranse i Vartdal skyttarlag.

På nyåret vert det vidareopplæring for desse aspirantane ein dag i veka, medan ei ny gruppe nybyrjarar tek til med skyteskule ein annan vekedag.

På bildet viser aspirantane stolt fram premiane dei tok under det opne miniatyrstemnet i slutten av november.