Verken Ørsta eller MSIL hadde noko anna enn heider og ære å spele for då laga møttest laurdag. Ørsta kunne klatre til ein sjetteplass på tabellen, medan MSIL allereie var klar for spel i 5. divisjon kommande sesong. Vertane opna kampen best, og etter tre minutt var Eskild Dagfinrud nære ved å sende heimelaget i føringa. Ti minutt ut i kampen slo Terje Rebbestad inn frå høgre, og Jan Marius Klepp Brekke sendte Ørsta i føringa. Tre minutt seinare var det Dagfinrud som var i enden av innlegg frå Rebbestad, og heada inn 2–0. Same mann sette inn 3–0 ti minutt seinare, og Ørsta hadde full kontroll over kampen. Då det var spelt nesten ein halvtime fekk MSIL tildelt straffespark, og Carl Petter Berntsen reduserte frå straffemerket. Før laga gjekk til pause var Klepp Brekke før på eit innlegg frå Dagfinrud, og stillinga var då 4–1.

Dagfinrud x3

To minutt inn i andreomgang var Jørgen Winjevoll sist på ballen, og ordna 5–1. Eit kvarter ut i omgangen brukte Dagfinrud hovudet igjen, og sette inn sitt tredje for dagen og Ørsta sitt sjette mål. Sju minutt seinare fekk Vetle Dagfinrud stå fri i feltet etter eit frispark, og sette inn 7–1. Vertane kunne ha skåra enno fleire mål i denne kampen, og i periodar var det klasseforskjell på laga. Ørsta vann fortent i det som var siste heimekamp for sesongen.

– Ein god siste heimekamp

– Eg tykkjer at vi er gode i førsteomgang. Vi får mykje innlegg, har mykje folk i feltet og har bra utteljing på sjansane. Det er ikkje like bra i andreomgang, men eg syns vi leverer ein bra kamp alt i alt. Motstandaren slakka litt på då dei ser korleis det går, og vi får då meir plass. Det var ein god siste heimekamp frå vår side, seier Ørsta-trenar Henning Nygård.