Onsdag morgon sette Hødd kursen mot Kasakhstan frå Vigra, men utan Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu. I ei pressemelding tysdag kveld bekrefta Hødd at midtbanespelaren og høgrebacken ikkje hadde fått innvilga visum.

– Direktør Bjørn Klubbenes i Via Egencia, opplyser at de ikkje har fått oppgitt noen grunn for avslaga, til trass for gjentekne meldingar til den Kazaksthanske ambassaden. Etter at vi leverte inn visumsøknadene fredag 12/7, har vi følgt opp inn mot ambassaden for å sikre at alt så greitt ut, og tilbakemeldingane har vore at alt er ok. Vi har levert alt av dokumentasjon innan fristen og alt av papir skal vere i orden. Vi har gjort det som står i vår makt for å få dette til, men må dessverre reise utan to av klubbens spelarar. Også to Hødd-supporterar fekk avslag på sin søknad, av ukjent årsak, heiter det i pressemeldinga.

Den eine av supporterane som har fått avslag er speaker Bjarne Wærdahl ifølgje TV2.

Vil følgje opp saka

Både Heltne Nilsen og Latifu leverte ein god kamp mot Aktobe på Høddvoll, og har vore sentrale spelarar i Hødd dei siste sesongane. Med tre spelarar allereie ute til returoppgjeret i Kasakhstan, Vegard Heltne, Bendik Torset og Victor Grodås, er Hødd klart svekka. Til Sunnmørsposten seier sportssjef Andrè Nevstad at situasjonen er uhaldbar.

– Ja, vi kjem til å følgje denne saka vidare, og det gjer Norges Fotballforbund også. Det er uhaldbart at vi kjem opp i ein slik situasjon. Det er synd både for Hødd og for dei spelarane det gjeld.

– Har greie på fotball på ambassaden

Ifølgje avisa jobba Hødd med å få på plass visum til spelarane fram til tysdag føremiddag, men då gav dei opp. Hødd-trenar, Lars Arne Nilsen, ville seie minst mogleg om situasjonen før avreise onsdag morgon, men på spørsmål frå Tv2 om kvifor akkurat desse to spelarane ikkje fekk visum svarte han dette.

– Dei har greie på fotball på den kasakhstanske ambassaden. Dei veit kor dei skal ..., sa Nilsen før han poengterte at han ikkje kunne seie meir.

Heltne Nilsen reiste rett på hytta i Selje då han fekk beskjeden om avslaget på visum.

– Eg har eit heilt fint rulleblad, eg har ikkje ein dritt på det. Det er ingen grunn til at verken eg eller Akeem, skulle havne opp i dette, seier han til Tv2.

Kampstart torsdag er 18.00 på Tsentralniy i Aktobe. Om Hødd tek seg vidare til tredje kvalifiseringsrunde ventar austerrikske Sturm Graz for laget frå Ulsteinvik.