Laurdagen stod SSL på programmet, der fekk Sondre Rekkedal Åmbakk og Fride Åmbakk Gull. Søndagen var det SL og då fekk Eirik Rekkedal Åmbakk, Fride Åmbakk og Markus Rekkedal Åmbakk Gull. I tillegg vart det sølv til Eirik Rekkedal Åmbakk på SSL, Markus Rekkedal Åmbakk på SSL og Bendik Åmbakk på SL. Også blant dei yngre alpinistane såg vi mykje god køyring.

Rennhelg i Molde er eit av høgdepunkta for alpinistane, og det er ikkje berre ski som står på programmet. Dette er ei helg der vi også klarer å få til sosiale aktivitetar som bading, shopping og felles middag på laurdagskvelden. Saman med Volda var vi heile 40 stykke med stort og smått, og med felles overnatting vert det ei helg der vi har god anledning til å ha det kjekt saman.

Tusten har på lik linje med mange andre skianlegg på Vestlandet, open bakke takka vere kunstsnø. Med sol og 10 grader var det reine påskestemninga på søndagen.

Bakken heldt godt, og gav jamne forhold for alle løparane. Men sjølv om vêret kan beskrivast som nesten fantastisk, så bekymrar det mange alpinistar at snøen framleis held seg unna og temperaturen er i ferd med å stige.

Frå Ørsta IL Alpin deltok:

Tord Øye Gutar U8, Tuva Øye Jenter U8, Mabel Borgen Varpen, Bertine Ringstad, Emma Ulstein og Anny Våge Molvær Jenter U10, Bendik Åmbakk G12, Hanne Camilla Osborg Kvammen J14, Trym Øye, Sondre Rekkedal Åmbakk og Eirik Rekkedal Åmbakk G14, Fride Åmbakk J16 og Markus Rekkedal Åmbakk G16.

Frå Volda Alpin deltok:

Hendrik Stranden Gutar U8, Signe Meek Aaslid Jenter U9, Ida Brenne, Mathea Stranden,  Lea Helseth Jenter U10 og Oda Brenne J12.