I ein elles svært hektisk kvardag tok Thorir Hergeirsson seg tid til å trene med grasrota i norsk handball. Lag frå heile Søre Sunnmøre møtte opp i Voldahallen for å få inspirasjon og motivasjon frå mannen som er kåra til verdas beste trenar to år på rad.

Med stort engasjement drilla han unge handballspelarar i øvingar som nok var kjende for dei fleste frå før.

– Slik er det for dei på landslaget også. Der kallar dei det for gammaldagse øvingar, men dette må de terpe på kvar gong de er på bana. Mange tenker at desse øvingane ikkje er noko nytt, men dette gjer vi faktisk for lite av i handballen i Noreg.

Nokon lettvinte løysingar fins det altså ikkje i handball, og det meiner Hergeirsson at dei i stor grad har skjønt i Volda.

– Her er stor entusiasme, og dei har fått til mykje bra, særleg på jentesida. Dei går nokre små steg heile vegen. Det er flott å sjå at dei får til dette, også på mindre stader, seier han.

Aldri vore større

Leiar i Volda Handballklubb, Arild Bakke, fortel om ein handballklubb som stadig veks seg større. I dag har dei kring 320 aktive spelarar, frå dei heilt minste, til dei som spelar på 1. divisjonslaget.

Støtteapparatet rundt klubben tel kring 70–80 vaksne, inkludert 20 trenarar.

– Han hadde éin ledig dag i perioden februar til juni, og den dagen sikra vi oss. Han er ein attraktiv mann, kommenterer Bakke.

Stort møte

Det var trongt om plassen på golvet i Voldahallen.

– Det er stort å få trene med han. Det er ei kul mulegheit å få. Han er bestemt, og eg trur vi tek det til oss på ein annan måte sidan han er «sjefen» for norsk handball, seier Olav Fylling som spelar for Ørsta sitt G16 lag.

Det meiner Jenny Heltne Nilsen, Ann Lauren Ose og Tiril Eidset også.

– Han er ein stor motivasjon og vi vert inspirert til å jobbe vidare. Han er ein dyktig mann, seier dei.

Blidt møte: Frå venstre Tiril Eidset, Ann Lauren Ose, Thorir Hergeirsson, Jenny Heltne Nilsen og Andrine Dahl. Foto: Janne-Marit M. Falch