Reinis Burgis, opphavleg frå Latvia, er busett i Volda, og er tilsett som trenar i femti prosent stilling i Volda og Ørsta bordtennisklubb. I tillegg er han trenar i region Midt. No skal han til Paris for å representere heimlandet i bordtennis-VM.

– Dette er den største tingen som skjer i mai for min del. 1. og 2. juni er det cup i Oslo for bordtennisklubben før vi skal ha siste rekrutteringsturneringa i Volda. Så for meg, Espen og Mathias Syren vert dette ein bordtennisfest. For kinesarane er det stort press, men for dei rundt trehundre andre er det ein stor bordtennisfest, seier Burgis.

– Jobbar med styrke og kondisjon

Mathias Syren har vore gjestetrenar i Volda og Ørsta bordtennisklubb, og skal no vere coach for Latvia. Dette har han også vore i OL tidlegare. For Burgis er nok sjansane for gode resultat størst i double saman med broren Matiss som er rangert som 131 i verda, og som er proff i Tyskland.

– Eg har ikkje gjort noko spesielt for å førebu meg. Eg fekk spelt ei topp-8 Noregscup-turnering, der eg fekk sju kampar på middels og høgare nivå. For to veker sidan var eg også med i divisjonsspelet i Molde for å halde forma ved like. Eg spelar også saman med Fredrik Meringdal i klubben og jobbar litt med styrke og kondis, seier Burgis.

Spent på trekninga

VM i Paris går over åtte dagar, frå 13. til 20. mai, og samlar verdas beste bordtennisspelarar. Turneringa er allereie utselt, og bordtennis har høg status i Frankrike.

– Eg har ikkje sett meg noko spesielle mål til VM. Eg håper at eg kan vinne nokon kampar i singel, men det er eit tøft kvalifiseringsystem, og taper du så er du tilskodar. Likevel skal det vere nokon spelarar eg kan konkurrere med, og så får vi sjå korleis trekninga vert.

Latvia stiller med tre herrespelarar og tre damespelarar, og det største håpet til nasjonen er Matiss Burgis.

– Vi har ikkje spelt saman på ei stund, men for min del er i double eg har best sjanse til å nå langt. Så kjem det an på trekninga og om eg og Matiss får det til å klaffe, seier Burgis.

– Espen kan levere

Espen Rønneberg er rangert som 311 i verda før VM.

– Espen er i Zagreb no og speler meisterskap. Han har fått trent bra med svenske Söderhavn i det siste. I gode stunder har han vist at han kan spele jamt med spelar som er rangert rundt 150 i verda. Om han har ei heldig trekning og leverer godt spel, kan han kvalifiserer for dei siste 128, seier leiar Tor Hallaråker i Volda og Ørsta bordtennisklubb.

– Gjævt for oss

Det at bordtennisklubben er godt representert i VM ser leiaren på som positivt.

– Alle er observatørar og tek med seg informasjon om det som nytt på utstyrsfronten, slag som er under utvikling, kva kinesarane held på med, og det vert også skapt internasjonale kontaktar. I tillegg vert det truleg ein del gode historier. Dette er gjævt for oss og inspirerande for dei yngre deltakarane, seier Hallaråker.

Bordtennisleiaren kan også informere om at kinesarane er storfavorittar i alle klasser, men at ein håper på ein europeisk sensasjon.