For å henge med heilt i toppen av sjette divisjon trengde Sæbø tre nye poeng mot Tjørvåg. Bortelaget hadde ein greitt statistikk på bortebane før møtet, men det var Sæbø som opna kampen klart best. Etter ti minutt spelte Yngve Frøland gjennom Svein-Ivar Moltu, og toppskåraren sørgja for at Sæbø var i leiinga. Heimelaget hadde overtaket i kampen i dei første tjue minutta, men som i tidlegare kampar stoppa det litt opp midtvegs i omgangen. Tjørvåg var ikkje spesielt farlege framfor mål, men etter 35 minutt utlikna dei etter eit hjørnespark. Dette var også stillinga til pause.

Tjørvåg snudde kampen

I andre omgang prøvde Sæbø å få større tempo i spelet sitt, men i staden var det bortelaget som skulle ta leiinga i kampen. Tre minutt ut i omgangen utnytta Tjørvåg nok eit hjørnespark, og sette inn 2–1 målet. Sæbø jobba hardt for å få utlikningsmålet i andre omgang, men det ville seg ikkje heilt for heimelaget. Dermed ebba kampen ut med 2–1 siger for Tjørvåg, som også passerte Sæbø på tabellen.

– Vil seg ikkje framfor mål

Trenar Emile van Embden føler at laget la ned ein god innsats mot Tjørvåg, men skulle sjølvsagt sett at det resulterte i poeng.

– Vi startar bra, men som mot Åmdal så sluttar vi å spele fotball etter tjue minutt. Vi jobbar hardt i angrep, men vi får det ikkje heilt til. Tjørvåg var kanskje 3–4 gonger på besøk i feltet vårt. Dei utliknar etter eit hjørnespark, og det er ikkje første gang vi slepp inn mål på denne måten. I andre omgang prøver vi å få meir tempo i spelet vårt, men får eit tidleg mål imot. Vi held fram med å jobbe hardt, sjølv om vi ikkje spelar så teknisk fotball, men det vil seg ikkje framfor mål, seier van Embden.

– Har ikkje nok spelarar

Til kampen mot Tjørvåg mangla Sæbø fem spelarar inkludert målvakt. Tommy Riise Olsen tok på seg hanskane, og stod ein god kamp.

– Det var ikkje Tommy sin feil at vi tapte. Problemet vårt var at vi mangla fem spelarar. Fleire har sagt at Sæbø er eit topplag, men vi er eit lite lag og no har vi ikkje nok spelarar. Hadde ikkje Riise Olsen og Lars Urke, som eg likar å kalle « The lost sons of Hjørundfjorden», vore heime på ferie hadde situasjonen vore enno verre. Det er vanskeleg for Sæbø å få nok spelarar til eit lag. Likevel må eg rose innsatsen til dei som spelte mot Tjørvåg, og vi gjer det beste med det vi har, seier van Embden.

Vil flytte siste kamp

Sæbø skal etter planen avslutte vårsesongen på bortebane mot Hareid 2 2. juli.

– Vi prøvar no å få flytta denne kampen til hausten, men om det ikkje lar seg gjere får det gå som går, seier van Embden.