Med litt vind og strålande sol såg det lovande ut for frikøyrarane laurdag morgen. Dessverre var det for mykje is opp mot Nivane, og arrangøren fann det ikkje forsvarleg å gjennomføre konkurransen her. Ein prøvde å få flytta løparane til Saudehornet, men mykje nysnø og vind gjorde det umogleg for helikopteret å lande på toppen. Difor vart det ingen frikøyring under X2-festivalen i år, og det er første gang i festivalen si historie at ein ikkje har fått gjennomført ein gjeldande omgang.

Sjå bildeserie frå X2

Xtind

For Xtind og tindebestigarane gjekk det betre. I halv tolv tida gjekk startskotet og rundt tjue personar sat i veg mot Saudehornet. Stig Helset var aggressiv frå start, og opparbeida seg raskt ei stor luke til resten av feltet. Same mann passerte fleire minutt før nummer to midtvegs, og var suveren i mål etter at han hadde vore på Nivane. Sindre Rudi imponerte også, og kom inn på andreplass med Jan Ove Juliebø på tredjeplass.

Luftig svev

Utover dagen strøyma det på med folk i Skåla. Nytt av året var big jump ved basecamp, og etter at Xtind var gjennomført og det var klart at frikøyringa ikkje vart gjennomført, samla publikum seg rundt hoppet. Fleire av frikøyrarane deltok i konkurransen, i tillegg til at fleire hadde tatt turen for å prøve nokon luftig svev. Med m.a. backflip var det mange av deltakarane som imponerte publikum, men for enkelte vart det også knall og fall.

Xboard

I Volda gjekk Xboard av stabelen, og kvalifiseringa vart gjennomført med opplett og tørre vegar. I det finalene skulle til å starte byrja det å snøve, noko som gjorde at vegbana var glatt og sikra dårlegare. Sjølv med snøen sat utøvarane utfor løypa som starta på Klepp, med målgang i sentrum.

Grunna lite vatn i Rossåa, vart Xcreek-konkurransen flytta til Hellesylt.