Det var over 90 deltakarar på årets Dimnaløp sundag 22. april på Dimna i Ulstein. Dimnaløpet er tradisjonelt eit terrengløp, men markane var så våte i år at løpet gjekk i hovudsak på grus og asfalt. Ørsta IL stilte med 10 utøvarar i aldersklassene 6–15 år. Innsatsen var svært god.
Dei som er yngre enn 10 år vert kalla rekruttar. Ørsta stilte med fem rekruttar; Mari Øyehaug, Thea Nilsen, Håvard Sætre, Guro Øyehaug og August Anton Winsnes. Dei gjennomførte alle svært gode løp i 300-metersløypa. Fleire av desse har vore med på Dimnaløpet før, og viste stor framgang frå tidlegare år. Det vart kommentert frå arrangørane at det var tydeleg at her var det utøvarar som hadde trent godt i vinter.
I klassa J-11 var Åse Øyehaug og Maria Sætre med. Dei sprang 600 meter. Åse og Maria har trent både langrenn og friidrett i vinter og forma var på topp. Åse vann si klasse etter eit langt og tøft spurtoppgjer opp den seige bakken før mål.
Maria sprang og godt og fekk ei god tid. Dette er lovande utøvarar og vi reknar med å få sjå mange flotte resultat frå dei i tida framover.
Elias Nilsen i klassa G-11, storløparen frå Volda som spring for Ørsta IL, var uheldig i starten og fekk ikkje posisjonert seg i feltet som han hadde håpa på. Likevel sprang han inn til ein svært god fjerdeplass i 600-metersløpet. Følg med i tida framover, denne karen kjem til å hevde seg godt!
Jens Jørgen Winsnes var heilt suveren i klassa G-12, og fekk dagens beste tid på 600 meter. Han sprang lett og fint heile løypa gjennom. Jens er ein allsidig idrettsutøvar. Han trenar mest på andre idrettar enn friidrett. Likevel får han også tid til friidrett. Vi ser fram til nye løp frå stortalentet Jens. Maria Tamires Birkeland vann suverent på 800 meter i klassa J-15. Maria Tamires er ein fantastisk løpar. Ho spring så elegant og raskt at alle dei yngste jentene vil springe som henne. Maria Tamires tok seg av dei yngre utøvarane før start og varma dei skikkeleg opp. Det gjorde nok sitt til at Ørsta fekk så mange gode resultat på Dimnaløpet!