Det er tilrådinga frå administrasjonen til Volda formannskap.

Snaraste vegen

Det har kome oppmoding frå folk på Vestsida i Volda om at politikarane i Volda snarast tek til å arbeide for å få Lauvstad-ferja flytta slik at den kan gå strekninga Lauvstad – til ny ferjekai på Eikrem.

Rådmann Rune Sjurgard rår til at formannskapet, som skal handsame saka i møte 3. desember, held på at ferjesambandet Lauvstad-Volda vert oppretthalde som i dag.

Det har også tidlegare kome innspel frå Vanylven kommune, som også ønskjer ferjekai på Eikrem, fordi dette vil vere den snaraste vegen over fjorden.

Langt lerret å bleike

Vegvesenet har som prinsipp at ferjestrekningar bør leggast kortaste veg, og ikkje på langs av fjordar. Det er likevel slik at det ikkje ligg inne planar for ny kai på Eikrem verken frå vegvesenet si side, eller frå fylkeskommunen.

Haldninga til Volda har til no vore at det er viktig at ferja legg til i sentrum, slik at nærpendlarane når arbeidsplassane utan å ta med bil over.

– Det vil vere eit «langt lerret å bleike» å få på plass ei slik løysing og å få det på ei prioriteringsliste, meiner rådmann Rune Sjurgard.

Han viser også til at det då må verte bygd ny tilkomstveg, og at det må verte ordna tilfredsstillande busstilbod for at dette sambandet skal fungere optimalt.

– Når vi då kjenner til dei harde prioriteringane som også gjeld kollektivtransporten (buss) er dette også ein vanskeleg prosess.

Han rår difor til at politikarane tek tak i utfordringa med å få til raskare fart på ferja.