Vartdal sitt J16-lag fekk ein god start på Norway Cup med 4-0-siger over Alvdal og 6-0-siger over Førde 4 tysdag. Onsdag var afrikanske Ghanagirls motstandar i siste gruppespelskamp. Vartdal var klare for a-sluttspel før kampen, og med 5-0-siger vart det også ein klar gruppesiger. Fasiten etter gruppespelet var ni poeng og ein målforskjell på imponerande 15–0.

Vartdal-jentene slepp å spele 32.-delsfinale tidleg onsdag, og får eit døger med kvile før dei skal i aksjon i 16.-delsfinalen klokka 16.45 onsdag. Kven Vartdal møter i denne kampen vert avgjort onsdag morgon. Surnadal, Geilo og Stokke kjempar om plass i 32.-delsfinalen og skal møte Hareid Super. Vinnaren av oppgjeret mot Hareid Super møter Vartdal i 16.-delsfinalen.