Ingela Eikrem (13) er einaste jente i flokken i Volda Ørsta Bokseklubb. I helga hausta ho lovord frå gjestetrenar Bård Jordal frå Bergen Sparta Bokseklubb.

– Ho har talent! rosar han.

Offisiell klubb

Bokseklubben har hatt tilhald på gamle Lid skule i snart to år. Initiativtakar Magnus Bjerknes fortel at dei no kjenner seg klar for å ta steget vidare frå kompistreningar til å verte ein offisiell klubb. Målet er at dei kan sende boksarar ut i konkurransar når neste sesong startar til hausten.

Det er Bård Jordal glad for. Han har boksa i 30 år, og er no svært aktiv som gjestetrenar.

– Vi er veldig interessert i å få bygge opp klubbane ute i distrikta. Miljøet på Vestlandet er lite, og då er det vanskeleg å arrangere skikkelege konkurransar. Det er dyrt for oss å reise langt for å konkurrere. Vi ønskjer eit nærare samarbeid mellom dei få klubbane vi har her, seier han.

I helga har det vore mykje terping på teknikkar og mykje snakk om haldningar og system i bokseringen.

– Vi kan ha ei heil trening utan å slå eit einaste slag. Det er mykje meir enn slåing i boksing, forsikrar Jordal.

Han fortel at det har vore ein glede å undervise bokseklubben.

– Dei er svoltne og motiverte. Det har vore kjekt å vere i eit så positivt miljø.

Klubben tel i dag rundt 30 medlemmer, og med stor variasjon i nasjonalitetar.

– Boksing er ein arena for alle, uansett bakgrunn, seier Jordal

Og han er veldig glad for at klubben også har fått ei jente med på laget.

– Det er veldig bra for miljøet. Det er også slik at jenter gjerne er betre i boksing enn gutar. Dei er meir disiplinerte og tek ting meir seriøst. Dei er flinkare til å halde fokus og er meir dedikerte. Gutane må haldast litt meir i øyra, vurderer Jordal.

Han seier at mange fleire jenter har fått auga opp for boksing etter at Noreg fekk sin eigen verdsmeister i proffboksing i Cecilia Brækhus, sjølv om dei i dag har berre ei i Volda Ørsta Bokseklubb.

Ingela Eikrem likar seg godt i det mannsdominerte miljøet.

– Det er fint å sleppe så mykje jentedrama!

Ser framover: Gjestetrenar Bård Jordal vil gjerne ha fleire bokseklubbar på Vestlandet. No vert Volda Ørsta Bokseklubb offisiell klubb. I midten initiativtakar Magnus Bjerknes, og t.h. trenar Grzegorz Kutak.
Bokseklubben: – Vi er ein god miks i både alder og nasjonalitetar fortel trenar Grzegorz Kutak (nede til venstre).