Volda og Ørsta basketballklubb vart starta opp i 2009 av eldsjela Daniel Grevsnes Denton. Då det ikkje var eit tilbod i området for sporten han ville drive med, starta han opp tilbodet sjølv. Fem år seinare har herrelaget Volda Ørsta Waves etablert seg i toppen av 2. divisjon i Noreg, og i fjor vann dei divisjonen. Med avgrensa med ressursar har ikkje klubben kunne utvide tilbodet, men måndag inngjekk klubben hovudsamarbeid med Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Avtalen opnar opp for vekst i basketballmiljøet i Volda og Ørsta.

– Denne avtalen er veldig viktig, og den er essensiell for at klubben overlever og utviklar seg vidare. Utan denne avtalen kunne vi ikkje ha satsa på aldersbestemte lag som vi no skal gjere, seier Denton som er styreleiar i klubben.

– Vi såg at denne avtalen gjekk som hand i hanske med banken sin visjon. Den bidreg til mangfaldet, og det er eit tilbod som vi ikkje har vore inne i før. Det er ein nisjesport som vert større, seier Kjell Frode Ervik som er leiar for personamarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

I første omgang gjeld avtalen ut denne sesongen, men med intensjon om forlenging.

Arrangerer basketskule

Til helga arrangerer Volda og Ørsta basketballklubb basketballskule i Idrettsbygget i Volda. Skulen er frå 5.-klassingar og opp til og med vidaregåande skule. Målsetjinga er å få etablert tre aldersbestemte lag.

– Basketballskulen er både for gutar og jenter. Vi skal vere store på breidde, og alle som har lyst til å spele basket skal få lov. Vi har lyst til å tilby det tilbodet eg ikkje fekk, seier Denton.

Interessa for basketballskulen har vore stor, men basketballklubben ynskjer enno fleire påmeldte.

– Vi kjem til å reise rundt på skulane for å informere om tilbodet og basketball. Vi har eit mål om å fostre opp basketballspelarar frå området, og kanskje kjem det opp landslagsspelarar om nokon år, seier Denton.