Thorir Hergeirsson vart både 2012 og 2013 kåra til «verdas

beste handballtrenar». Han har leia Handballjentene til VM-gull, OL-gull og EM-sølv etter han tok over trenaransvaret etter Marit Breivik. 20. februar kjem han til Volda og vert med på ein inspirasjonsdag som har kom til gjennom eit samarbeid mellom Sparebank 1, Møbelringen og Volda handball.

– Vi inviterer denne gong breitt og håpar at dette blir ein stor inspirasjonsdag for alle i Volda Handball, det lokale næringslivet og heile handballmiljøet på søre Sunnmøre, seier leiar Arild Bakke i Volda handball.

Variert program

Det er ikkje første gang at landslagssjefen for handballdamene kjem på besøk til Volda, og tidlegare har også landslaget vore på besøk.

– Gjennom den satsinga vi har heldt på med dei siste 10 åra har vi også tidlegare hatt besøk av både Thorir Hergeirsson, Marit Breivik og Mia Høgdahl. Landslaget la også ei samling til Volda for nokre år sidan. Det er ikkje å legge skjul på at dette hadde vi ikkje fått til utan hjelp frå Møbelringen og det lange samarbeidet dei har hatt med Norges Håndballforbund.

Programmet for dagen er fastspikra og startar med eit foredrag frå Hergeirsson. Den islandske trenaren skal også ha treningar i Voldahallen der trenarar, spelarar, støtteapparat, og alle handballentusiastane i Volda handball og naboklubbane er inviterte. Hergeirsson skal også gå inn på utvalde fokusområde for gutar og jenter i alderen 12–16 år. 1. divisjonslaget til Volda får også eit møte med trenaren, og det vert eit inspirasjonsmøte i garderoben til damelaget som avsluttar besøket.

– Vi kombinerer besøket med eit sponsortreff, slik at også våre samarbeidspartnarar får ta del i den leiingsfilosofi og suksessoppskrift som Thorir og det norske damelandslaget har stått for sidan byrjinga på -90 talet.

– Unik prestasjonskultur

– Dette er ei heilt unik historie. Teamarbeidet og stort ansvar til spelarane har hos Thorir og tidlegare også Marit Breivik stått heilt sentralt. Dei har makta å bygge ein prestasjonskultur som er heilt unik dei siste 25 år. Det er liten tvil om at her er mykje kunnskap å hente også for næringslivsleiarar rundt dette temaet.