Søndag 3. juli arrangerte Volda golfklubb, Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open.

Det var konkurrert i både Stableford og brutto. Brutto er den speleforma ein ser på TV med Viktor Hovland og gjengen, der det er tal slag samanlagt som gjev plasseringa. Stableford er det mest brukte i klubbturneringar der kvar spelar er tildelt eit visst tal slag ut frå handicap. Slaga vert fordelt utover hola alt etter vanskegrad og tal slag på kvart hol gjev poeng. Om ein går på sitt handicap så får ein to poeng per hol, totalt 36 på 18 hol.

Det var 20 spelarar som trassa det ustabile sommarveret og fekk seg ein flott runde i Vassbotnen. Joar Voldsund hadde ei veldig god runde og gjekk på 74 slag som er 4 slag over banepar. Nærast Joar var Petter Hansen og Johan Liadal på 76 slag. I Stableford var det Johan Liadal som tok ein suveren siger med heile 44 poeng. Bak Johan var det fem spelarar på 37 poeng. Når det er lik poengsum så er det den med lågast handicap som går vert dømt først. Det gav denne rekkefølgja: Joar Voldsund, Jon Tore Sætre, Olav Trandal, Ståle Eikrem og Trond Are Ryste.

I dameklassa var det Mari Chluba som brukte færrast slag og vant med 91 slag over Grete Eikrem på 96. I Stableford var det snudd rundt og Grete vant med 30 poeng over Mari på 24.

Det var ingen deltakarar i grøntkort klassa, som er dei med handicap mellom 36 og 54.

Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Petter Hansen var den som slo lengst frå gult utslag og Svein Aasen frå raudt utslag. Kenneth Rusten var den som kom nærast pinnen på hol 7/16 med 1 meter og 77 centimeter.

Etter turneringa var det premieutdeling i klubbhuset med flotte premiar frå Sparebank 1.

Volda golfklubb