Sæbø slo til med ein storsiger i årets fyrste heimekamp. Motstandar Gursken/Larsnes2 vart altfor lette mot det nykomponerte Sæbø-laget.

Det som er spesielt med årets Sæbø-lag er at det mest berre er lokale spelarar frå Hjørundfjorden, og fleire av dei er unge.

Syttenåringar

Mot Gursken/Larsnes var det spelarar som Kristian Straume og Olai Riise som markerte seg. Dei to syttenåringane skåra for fyrste gong for Sæbø i denne kampen.

Sæbø kom godt i gang, men utan at det gav resultat. I opningsminutta hagla det med sjansar for heimelaget, og særleg var Yngve Frøland farleg frampå.

Etter kvart kom gjestene meir med i kampen, og kampen såg ut til jamne seg noko ut.

Haugen Øye

Men etter 29 minutt vart det 1–0 til Sæbø. Terje Haugen Øye, kom endeleg i ein posisjon rettvend mot mål. Då var det berre å dempe ballen, og klinke han i mål.

Fire minutt seinare vart det 2–0. Det spelte Haugen Øye fram Frøland, og han runda målvakta og sette ballen i ope mål frå litt skrått hald.

2–0 heldt seg også til pause.

Effektive

I fyrste omgang sleit Sæbø med å omsetje sjansane i mål. I andre omgang gjekk det meste Sæbø sin veg.

Alt etter 46 minutt vart det 3–0. Sæbø fekk hjørnespark, og Tommy Riise Olsen nikka ballen i mål.

Like etterpå vart Terje Haugen Øye strekkskadd, og måtte gå av bana. Då frykta nok fleire at det ville redusere kvaliteten på Sæbø-laget, men erstattar Kristian Straume tok sjansen umiddelbart.

Straume

Fem minutt ut i omgangen gav han Sæbø 4–0 då han elegant vippa ballen forbi målvakta og i mål.

Ti minutt ut i omgangen gav Straume Sæbø 5–0. Det var ein god prestasjon, for Straume vart tydeleg halden i trøya, men kjempa seg fri, og fekk skyte ballen forbi målvakta og i mål.

Sæbø gjennomførte i denne perioden mange utskiftingar, og det gjekk nokre minutt før det «nye» laget fekk sett seg.

Riise

Då det stod att tjue minutt vart det 6–0. Aleksander Riise Olsen pumpa ein ball opp i feltet, og Gursken/Larsnes-spelarane sprang ut i von om at Sæbø-spelarar skulle gå i offside. Men bakfrå kom Martin Sandbakk. Han vart ståande heilt åleine, og sette ballen enkelt i mål.

7–0 ordna Olai Riise. Etter eit godt Sæbø-angrep med få ballberøringar, la Bjørnar Holen ballen inn framfor mål, og der kom Olai Riise i stor fart og skåra sitt fyrste Sæbø-mål.

Tabelltopp

Mot slutten av kampen hadde Sæbø sine angrep, men også gjestene sleppte til. Fem minutt før slutt reduserte laget til 1–7 på eit skot som Steffen Wille Ytterstad i Sæbø-målet ikkje hadde sjanse på å ta.

Sæbø har dermed fått ein svært god start på sesongen, og har etter to kampar full poengpott og 12–2 i målskilnad. Det er tabelltopp.