Ålesundsjenta Caroline Ruud Helgesen som kom til Volda sist sesong, skal på juniorlandslagssamling(Jenter f.1994-95) i Trondheim 23.-24.oktober. Trenarteamet rundt dette landslaget er Axel Stefansson og Trine Haltvik. Berre to spelarar frå Møre og Romsdal har fått plass i troppen. Den andre er Anniken Obaidli frå Molde HK.

18-åringen frå Ålesund fekk gladmeldinga tysdag og ser fram til å reise på samlinga.

– Dette må eg sjå på som ein bonus og ser fram til å få trene med dei beste jentene på min alder.

Laima skal spele EM-kvalifisering

Volda sin toppskårar Laima Bernataviciute(28) er teken ut på Litauen sitt landslag som skal spele EM-kvalifiseringskampar mot Danmark og Ukraina i slutten av oktober.  Laima er ein av dei sentrale spelarane på Litauen og har vore landslagsspelar sidan ho var 16 år.

–  Det er tolv år sidan eg debuterte på landslaget, men eg har ikkje talet på kor mange landskampar og kor mange mål eg har skåra. I Litauen har ein ikkje statistikk på slikt.

Samlingane og kampane kolliderer ikkje med Volda sine seriekampar.

1.divisjon damer: Volda møter Rælingen laurdag

I morgon er det klart for ny heimekamp i Voldahallen. Motstander er Rælingen som også er nykomar i 1.divisjon. Dei står med ein siger og to tap og vil nok gi Volda tøff motstand. Etter den gode kampen mot Njård sist helg, skal det bli spanande å sjå om Voldadamene kan følgje opp med nok ein siger.