Før kampen borte mot Bergsøy laurdag står Volda med 27 poeng, og ligg på ein 11. plass i 3. divisjon. Poeng bak, og på det som kan verte ein nedrykksplass, ligg Spjelkavik og jaktar.

– Eg fekk eit spørsmål førre veke om kor mange poeng eg trur vi trengde på det tre siste kampane for å halde oss. Svaret eg gav var i at vi måtte i alle fall ha seks poeng. No har teke tre poeng, etter siger mot Brattvåg, og tek vi tre til så trur eg det skal vere nok. Eg trur ikkje at Spjelkavik vinn dei to siste kampane, men dei vinn ein av desse kampane, seier Volda-trenar Rikard Tennø Vestre.

Lysare skadesituasjon

Etter ein god start på årets sesong har ei lang skadeliste vore ei stor utfordring for Volda, men no ser situasjonen mykje lysare ut.

– Skadesituasjonen har lysna veldig, og det laget vi stilte mot Brattvåg er det laget eg skulle ynskje vi kunne stilte med tidlegare. No er det berre Bjørnar Liaskar som er skadd, og Christoffer Bjerknes er på veg tilbake. Det er litt småting med andre spelarar, men eg trur at alle skal vere klare til kampen mot Bergsøy.

– Korleis er det å endeleg ha ein nesten skadefri stall?

– Det er fantastisk herleg. No får vi dei rette spelarane på dei rette plassane. Det går også mykje på innstilling og mentalitet, og du kan ta ut det laget du veit kan opptre best i ein tøff situasjon. Dette fungerte mot Brattvåg. Det gjorde det også mot Averøykameratene, og sjølv om vi tapte så var vi det beste laget. Benken er også mykje betre enn det vi har hatt

Husøy i mål i sesongavslutninga

Målvakt Alexander Hovdevik var svært viktig for Volda fram til han reiste vidare til Trondheim tidlegare i haust. Tore Sørheim gjorde comeback, men vart skadd etter nokon kampar. Volda søkte om dispensasjon til hente inn ein erstattar, men fekk avslag. Løysinga vart Jonas Husøy som var heime på haustferie, og stod i mål både mot Averøykameratene og Brattvåg.

– Jonas vert henta heim att til dei to siste kampane. Han er faktisk betre trent no enn før han reiste på folkehøgskule. Han har gjort eit godt inntrykk, og det er veldig gledeleg.

– Formpila peikar oppover

Sjølv om det truleg vert ein kamp til døra om kven som held seg, og kven som rykkjer ned i 3. divisjon, er det ei positiv stemning i Volda.

– Utover hausten så peiker vanlegvis formpila nedover, men med oss så peiker den oppover dei siste vekene. Vi har høgare kvalitet i treningsarbeidet, og vi er klare for det som møter oss. Vi har det tøffaste programmet av alle, og vi må ha den rette konsentrasjonen i dei avsluttande kampane, seier Tennø Vestre.

Etter Bergsøy-kampen laurdag avsluttar Volda sesongen på heimebane mot Herd kommande laurdag. Spjelkavik skal ut i lokaloppgjer mot Herd, før Elnesvågen og Omegn er motstandar i siste kamp.