Både Sæbø og Tjørvåg stod ubesigra før oppgjeret på Tjørvåg stadion måndag. Begge laga er tippa i toppen av sjettedivisjon i år, og det vart ei jamn opning på kampen. Bortelaget hadde ein ball som truleg var innanfor stengene utan at det vart dømt mål, ei avslutning i stolpen og skulle truleg fått eit straffespark. Då det ikkje gjekk Sæbø sin veg var det Tjørvåg som tok leiinga i kampen. Bortelaget skapte mest i begge omgangane i Tjørvåg, men fekk ikkje utteljing framfor mål. Heimelaget auka leiinga, og kunne juble for sin tredje strake siger med 2–0 over Sæbø.

– Vi var enkelt og greitt ikkje gode nok framfor mål. Vi skaper nok sjansar, og totalt sett er vi det beste laget. Når vi ikkje skårer på sjansane vert det vanskeleg, og det er det som var ankerpunktet i denne kampen, seier spelande-trenar Terje Haugen Øye.

– Skaper mest

For bortelaget var det sjansane det stod på i denne kampen, men trua er god på at utteljinga vil snu seg raskt.

– Vi skaper mest i begge omgangane. Jamt over har vi ballen meir enn Tjørvåg, men samtidig så speler vi ikkje ein toppkamp. Vi har meir å gå på, og vi manglar også 3–4 spelarar som er ute med skade. Det er greitt å sjå at vi ikkje er noko svakare enn Tjørvåg, og vi er trygge på at vi kan slå dette laget med meir enn to mål på heimebane, seier Haugen Øye.

Godkjent innstilling

Sjølv om det vart tap for Sæbø var det likevel nokon lyspunkt å ta med seg frå kampen.

– Frå lina er eg mest nøgd med at vi står på heile kampen, og vi klarer faktisk å kneppe innsatsen opp etter at vi kjem under. Sjølv om vi ikkje skaper så mykje som vi ynskjer er innstillinga på plass, og dette er noko som vi vil tene på utover i sesongen.

Med berre åtte lag i avdeling 1 i sjettedivisjon vert årets sesong kort, og det skal berre spelast fjorten kampar.

– Nokon har sagt at no må vi vinne resten av kampane for å ta opprykket, men eg trur at alle lag kjem til å tape poeng utover i sesongen. Det som vert viktig er å tape minst mogleg poeng. Vi er ikkje nøgde med resultatet i denne kampen, men innstillinga til spelarane er godkjent. Vi må stikke fingeren i jorda å seie at vi ikkje spelar ein god nok kamp, seier Haugen Øye.

Båt til Kvamsøy

Neste kamp for Sæbø er borte mot Kvamsøy/ÅVK kommande laurdag. Sæbø har for tradisjon å ta båt til denne bortekampen, og det vert også gjort i år.

– Vi kjem til å reise med Hjørundfjord-båten til Kvamsøy, og for dei som vil vere med er det berre å hive seg på.