Det var topp mot botn då Vartdal gjesta Bergsøy 2 onsdag kveld. Heimelaget stod med tre poeng etter fem kampar, og hadde til gode å ta poeng på heimebane. Vartdal på si side stod utan tap, og kom frå ein tolvmålssiger mot Åheim. Etter tabellen å dømme skulle dette verte tre greie poeng for Vartdal, men då laga gjekk til pause på stillinga 0–0 kunne det like greitt ha vore heimelaget som var i føringa.

– Eg er ikkje nøgd med det vi gjer i første omgang, og det var ein god Martin Liaskar i mål som heldt oss inne i kampen. Vi kunne ha skåra fleire mål sjølve, men det vart litt for mykje individuelt og vi var for dårleg på å gå kollektivt i angrep, seier trenar Kenneth Nydahl.

Gjerde avgjorde kampen

Etter ein liten alvorsprat i pausen gjekk Vartdal på bana og viste betre takter enn i første omgang. Inn på bana kom Jarl Vinjevoll og Frank Gjerde.

– Begge gjekk rett inn i krigen og etter kvart fekk vi etablert eit større trykk på Bergsøy 2. Heimelaget skapte ingenting i andre omgang, seier Nydahl.

Med tolv minutt igjen av kampen kom også det avgjerande målet. Rolf Audun Vartdal vann ballen ti meter inn på heimelaget sin banehalvdel, og slo ein stikkar til Gjerde. Spissen ordna 1–0 til Vartdal, og målet sikra også bortelaget tre poeng.

– Skal vere topp tre

Trenar Nydahl var ikkje heilt nøgd med prestasjonen til Vartdal, men var veldig godt nøgd med at det vart den fjerde sigeren for sesongen og tre nye poeng. Vartdal klatra forbi Emblem på tabellen, og ligg no på opprykksplass to poeng bak Stordal. Det har også vorte ei luke på fem poeng frå dei tre topplaga ned til Hovdebygda/Volda 2 på fjerdeplass.

– Sakte, men sikkert har vi jobba oss opp dit. Etter mi meining så skal vi ikkje tape på Remen, og klarar vi å vere stabile på bortebane så skal vere topp tre i femte divisjon, seier Nydahl.

Toppkamp mot Stordal

Kommande onsdag vert det toppkamp mellom første- og andreplassen i femte divisjon når Stordal kjem til Remen. Serieleiaren har til gode å tape ein seriekamp sidan hausten i fjor, og det einaste poengtapet denne sesongen var 2–2 kampen mot Hovdebygda/Volda 2.

– Det vert ein viktig kamp og det er ikkje noko dårleg lag som kjem på besøk, seier Nydahl.

Siste kamp for Sæther

Etter fire sesongar i Vartdal vert kampen mot Stordal den siste for Nils Petter Sæther som er toppskårar i femte divisjon.

– Dette er noko som har vist lenge, og Nils Petter har vorte med i kampar meir enn først planlagt. Han har vore ein bidragsytar for klubben og gjort jobben. Med si ekstreme fart har han vore viktig ei viktig brikke for Vartdal, og det vil vere eit sakn. No har likevel fått i gang Jarl Vinjevoll og Frank Gjerde, i tillegg til at vi har eit ungt og lokalt emne i Steffen Roth som vil kunne vise seg fram. Vi satsar på at det vert ein minneverdig avslutningskamp for han, seier Nydahl.

Verdsrekord for femte divisjon

I toppkampen mellom Stordal og Emblem, som også vart spelt onsdag, vart det sett ny verdsrekord for omsetning ifølgje Nordicbet. Kampen genererte stor interesse blant oddstipparar, og spelet knuste m.a. kampar i den amerikanske baseballserien MLB i tillegg til toppoppgjeret i brasiliansk Serie A. Åtti prosent av dei som satsa pengar på kampen trudde at det ville verte bortesiger til Emblem, medan det var seksten prosent av spelarane som kunne smile breiast etter at Stordal vann kampen 3–1.