Med berre ni lag i divisjonen vil det berre verte 16 kampar for kvart lag, og i utgangspunktet hadde klubbane i divisjonen eit ynske om ei utviding til tolv lag på terminlistemøtet.

– I utgangspunktet er dette synd for femte divisjon at vi verte skadelidande av dette rett før seriestart, og at ikkje krinsen gjer sitt yttarste for å flytte opp eit lag frå sjette divisjon. Det er heilt sikkert lag i sjette divisjon som har lyst og kunne tenke seg å spele i femte divisjon, og eg meiner at kretsen burde gjort alt dei kunne for å få dette til, seier Vartdal-trenar Kenneth Nydahl.

– Kampane ein trenar for

Han har vore i kontakt med m.a. Emblem og Stordal som også er av oppfatninga av at det er synd at divisjonen truleg berre vert med ni lag.

– Det er rett og slett håplaust at Ørskog ikkje klarer å finne ut av dette før vi byrjar på april.

– Når ein kjem litt opp i nivå så er det tolv lag i dei aller fleste divisjonar, og tjueto kampar. Ein trendar trass alt fire til fem månader for å vere med i ein fotballsesong, og laga som er i femte divisjon ynskjer at dette skal vere så profesjonelt som mogleg. Og det er jo kampane ein trenar for, seier Nydahl.

– Kan gjere få feilskjer

Med ni lag i femte divisjon vil det verte fleire kampar for laga i sjette divisjon i begge avdelinga, og dette meiner Vartdal-trenaren er håplaust.

– Med så få kampar så er det ikkje mange feilskjer ein kan gjere før ein er ute av toppstriden, og i år vil det truleg verte jamt i toppen. Det beste laget vil nok rykkje opp uansett, men ein kan vere uheldig med skader og spelarar som ikkje disponible og som kan verte avgjerande, seier Nydahl.

Eit anna aspekt er også at det kan verte lange pausar for enkelte lag gjennom sesongen.

– Vi kan ende opp med ein sommarferie som varar i to månader, og ein normal fotballferie er på rundt tre veker, seier Nydahl.

Lange pausar

Hovdebygda/Volda 2 trenar Vagn Scheide Mork fryktar også lange opphald mellom kampane, og skulle ynskje at informasjonen frå kretsen var betre om kva som skjer vidare.

– Det kan verte pausar på to til tre veker midt i sesongen, og det er ugunstig. Ein må nesten legg inn treningskampar i desse periodane for å halde på kampforma, og det kan verte vanskeleg å få til. Oppsettet er litt spesielt, og det å ha ein divisjon med berre ti lag er kanskje litt feilrekna, seier Scheide Mork.

Håpar på erstatsningslag

Han er einig med Nydahl om at det burde ha vore tolv lag i divisjon.

– Standaren på alle andre divisjonar i Møre og Romsdal, sett vekk frå lågaste nivå, er tolv lag standaren. Eg trur ikkje det hadde vore vanskeleg å få lag til stille opp før sesongen i alle fall.

– Eg håpar at dei får på plass eit erstatningslag, men det kan verte vanskeleg sidan sjette divisjon er i gang, seier Scheide Mork.

– I utgangspunktet ni lag

Sunnmøre Fotballkrets opplyser om at sidan sjette divisjon er i gang så vil femte divisjon i utgangspunktet verte gjennomført med ni lag.

– Det har aldri skjedd i vår krins eller andre krinsar, slik som eg kjenner til, at det har vorte gjort endringar ved å flytte opp eit lag etter at sesongen er i gang, seier Bjørn Oskar Haukeberg.

Det er likevel ei moglegheit for at eit lag frå sjette divisjon kan erstatte Ørskog.

– Det må i tilfelle vere eit lag sjølv som tek initiativ. Akkurat på same måten som då Aksla trakk sitt lag, og Vigra tok initiativ til å ta over plassen. Dei viste at det eventuelt var deira tur til å ta over plassen, og dei fekk ei oppgåve med å avklare dette med alle andre lag. Dei fekk aksept frå alle andre lag i avdelinga om å gå ut av sjette divisjon for å ta over plassen til Aksla i femte divisjon, seier Haukeberg.

Haukeberg ynskjer også å utfordre klubbane i distriktet på kor lenge enn klare å opprettehalde tilbodet i fotballen.

– Klubbane og kretsen må sjå på kva tilbod vi gjev til vaksne menn og kvinner, og dette med at lag trekkjer seg er ikkje eitt nytt fenomen, seier Haukeberg.