1.omgangen mot Kolstad blei svært jamn og laga skifta om å vere i leiinga. Ved pause leia heimelaget 12-11. Også andre omgang var jamn dei første minutta, men ei sterk midtperiode av Kolstad førte dei opp i 19-15 leiing midtvegs. Volda tok time-out og fekk gjort ein del justeringar. Sakte, men sikkert knappa dei ned på leiinga til trønderane. Fem minutt før slutt kontra Maria Ulla inn 24-24 og trass i store målsjansar til begge lag, blei dette sluttresultatet. Voldakeeper Guro Bakke Liaskar hadde ei matchvinnarredning fem sekund før slutt.

Voldatrenarane Turid M.Bakke og Jan H.Løset var svært fornøgde med laginnsatsen i laurdagens kamp. – Dette var ein lagsiger der heile laget kjempa for at vi skulle få eitt poeng. Alle ni utespelarane teikna seg på skåringslista og for første gong på svært lenge fungerte samspelet godt.

Avgjort tidleg

Søndag var tabelljumbo Tiller motstandar og her var Volda klare favorittar. Ein såg tidleg at Volda2 var eit teknisk betre lag, men fekk problem mot eit heimelag som la ut eit 4-2 forsvar. Likevel spelte Volda seg til mange 100% sjansar, men ein glimrande Tillerkeeper held heimelaget lenge inne i kampen. Først mot slutten av omgangen greidde sunnmøringane å gå i frå og leia med 11-7 ved halvtid.

I andre omgang gjekk Volda tidleg i frå og var oppe i åttemålsleiing midtvegs.  Resten av kampen blei eit pliktløp og sigeren vart til slutt på ti mål.

Periodevis god forsvarsspel av Volda som i denne kampen hadde Anita Gaarder i mål. Ho hadde mange flotte redningar. Framover på bana blei det mange tekniske feil og heller svake avslutningar, men å skåre 30 mål på ein dårleg dag er sterkt.

Trenarduoen Løset/Bakke kunne oppsummere helga slik. – Det er flott å kunne reise heim med tre poeng i kofferten og i tillegg konstantere at samtlege utespelarar teikna seg på skåringslista i begge kampane. Vi har hatt to fine treningsveker der vi har fått jobba med samspelet. Dette gav resultat i dei to kampane i helga.

No har Volda2 spelefri i ein månad. Då reiser dei nok ein gong til trøndelag for å møte Frøya, Heimdal og Orkanger.

Kampfakta

Kolstad – Volda2   24 – 24 (12-11) Husebyhallen, Trondheim. Volda: Anita Gaarder, Guro Bakke Liaskar, Anette Berg 6, Maria Ulla 4 ,Kine Kvalsund 2,Kristine H.Vike 4, Rita Kristin Riise 2,Birte Urke 1 ,Auria Ann Ose 2,Andrea Eikås 1,Tiril Eidset 2.  Domarar: Rune Midtlyng og Tor Rambraut.  Tiller – Volda2   20 -30 (7 – 11) Rostenhallen, Trondheim. Volda: Anita Gaarder, Hege Andreassen, Anette Berg 2, Maria Ulla 5 ,Kine Kvalsund 2,Kristine H.Vike 6, Rita Kristin Riise 2,Birte Urke 2 ,Auria Ann Ose 5,Andrea Eikås 5,Tiril Eidset 2. Toppskårar Tiller: June Kristin Selen 13 Utvisningar: Tiller –ingen, Volda 1 x 2min. Domarar: Andreas Hauge Harnes og Ola Kristoffer Nestvold.