– Eg visste ikkje at det var så stort. Her har vore fullt trøkk i heile dag, seier Ronny Pedersen frå Ørsta Handball.

Dei 250 spelarane fordeler seg på 23 lag, frå Ålesund, øyane og Volda.

– Volda stiller med åtte lag i dag, så der er det populært, slår Pedersen fast.

Til samanlikning stilte Ørsta med to.

Nytt i Ørsta

Minihandball er for barn fødde i 2004, 2005 og 2006. I Volda har dei vore aktive ei stund, mens minihandball er heilt nytt for ørstingane.

– Vi starta opp i haust, og har om lag 26 ungar innom på treningane. Vi har blanda lag, fortel Pedersen, som seier seg nøgd med responsen minihandball har fått.

Som ferske i sporten tenkte Ørsta Handball at det ville vere kjekt å arrangere turnering, så dei melde seg som frivillige. Det tok ikkje lang tid før dei skjønte at minihandball er noko som engasjerer. Svært mange melde seg på.

– Det er også lag som ikkje kom med. Eg er heilt imponert over responsen, fortel Pedersen.

– Kjekt

Ørstahallen er delt inn i tre soner. To spelebaner og eit friområde. På friområdet held Nathalie Raudøy Bjerkvik, Benjamin Vartdal Bjerke og Helene Hjellen Sivertsen på med ballspel mellom kampane sine.

– Minihandball er veldig kjekt og veldig gøy, seier dei samstemt.

Dei tre går både i same klasse og spelar på same handballag. Kvifor minihandball er gøy er dei ikkje heilt sikker på, men Benjamin, som fortel at han også spelar fotball, har ein liten teori.

– Det er enklare å skåre mange mål.

Voldingane Nore Øvereng og Ida Brenne trivst også på handballbana, og fortel at dei alltid har hatt lyst til å spele handball.

– Særleg å vere keeper er kjekt, meiner Ida, før ho må springe på bana for å spele kamp.

I Volda er minihandball svært populært, og klubben stilte med åtte lag i Ørstahallen laurdag. Her er to representantar, Nora Øvereng (9) og Ida Brenne (9).
Ronny Pedersen er overvelda over alle som ville vere med på minihandballturnering i Ørstahallen. Pedersen er sportsleg leiar i klubben og trenar for j14-16.