Sjukdom førte til at Vartdal ikkje klarte å stille lag til sjettedivisjonskampen onsdag mot Hasundgot.

– Natta før kampen fekk tre av spelarane våre influensa. Frå før hadde vi skadeproblem. Vi ringde rundt til gamle stjerner, utan å lykkast. Difor klarte vi berre å stille ti spelarar. No foreslår fotballkrinsen at kampen vert spela i haust, fortel Vartdal-oppmann Hans Petter Aarset.