Etter ei spelepause på to veker var det igjen klart for kamp for Ørsta/Volda sitt herrelag. I helga gjekk turen til Trondheim for å møte Sverresborg og NTNUI 3. I Munkvollhallen laurdag var det Ørsta/Volda som festa grepet mot Sverresborg. Til pause hadde bortelaget ei sjumålsleiing, 12–19. I andreomgang auka leiinga for Ørsta/Volda, og dei hadde full kontroll på kampen. Med 40-25-siger sikra dei seg sin andre siger for sesongen, og ein god start på helga.

Søndag var NTNUI 3 motstandar, og Ørsta/Volda fekk igjen ein god start på kampen. Med pauseresultatet 18–7 var kampen i realiteten avgjort, og i andreomgang auka berre leiinga. Ørsta/Volda vann til slutt 32-16, og reiste heim att frå Trondheim med fire poeng i bagasjen.

– Godt forsvarsspel

– Eg er veldig godt nøgd med prestasjonen til laget i helga. Vi var strålande i forsvar, og gutane spelte som eit lag. Det er truleg det beste forsvarsspelet som eg har sett av Ørsta etter at eg kom til klubben. No skal vi halde fram med å jobbe med det vi starta med i fjor. Gutane kjenner meg betre og eg kjenner dei betre. Vi har kome meir saman som eit lag. I dei tre kampane vi har spelt så langt har vi vunne med 15–16 mål i kvar kamp. Om det er motstandarane som har vore dårleg vil vi finne ut av, seier Ørsta-trenar Björgvin Runarsson.

Alle Ørsta-spelarane leverte gode prestasjonar i helga, og Bendik Bjerke var spesielt solid med 23 mål på to kampar.

– Viss han held fram med dette spelet kan han verte så god som han vil. Lars Skadal skåra elleve mål i første kampen, og det var mange gode prestasjonar frå alle saman. Jaffa var sterk i angrep, og har utvikla seg. Vidar var god i forsvar saman med Per Erik. Alle var veldig gode, hadde godt humør og ei god innstilling denne helga.

Molde neste

Komande helg er Molde motstandar på bortebane for Ørsta/Volda.

– Vi må halde fram med det vi viste no i helga, og då skal vi klare å slå Molde. Så håper eg at gutane er innstilt på å jobbe med dette.

Kampfakta

Sverresborg – Ørsta/Volda 25–40 ((12-19)

Ørsta: Bendik Bjerke (13), Hans-Kristian Rangnes, Petter Årseth (1), Lars Øie (5), Lars Skadal (11), Martin Aambakk (2), Per Erik Uggedal (1), Jaffa Mohamed (1), Bendiks Reklev Øverbø (1) og Vidar Eidså (5)

Utvisingar: Sverresborg 1x2min, Ørsta/Volda 2x2min

Toppskårar Sverresborg: Johannes Dahle (10)

NTNUI 3 – Ørsta/Volda 16–37 (7-18)

Ørsta: Bendik Bjerke (10), Hans-Kristian Rangnes, Petter Årseth (1), Lars Øie, Lars Skadal (5), Martin Aambakk (7), Per Erik Uggedal (1), Jaffa Mohamed (4), Bendiks Reklev Øverbø og Vidar Eidså (4)

Utvisingar: NTNUI 3 3x2min, Ørsta/Volda 1x2min

Toppskårar NTNUI 3: Torbjørn Køhl (3)