Vartdal var avhengig av tre nye poeng mot Åheim om dei skulle henge med i toppen av femte divisjon. Poengtapet til Stordal mot Hovdebygda/Volda 2 onsdag var fordelaktig for heimelaget, og med siger ville det berre vere to poeng opp til Stordal og Emblem. Åheim på si side opna sesongen bra med to sigrar før det vart stortap 0–9 for Hovdebygda/Volda 2 på bortebane, og det skulle ikkje verte mykje betre på Vartdal.

Tidleg 3–0-leiing

Tre minutt ut i første omgang kasta Arthur Vartdal Midtgård langt inn i feltet. Geir Arne Kaspersen fekk stussa ballen, og han trilla inn til 1–0. Heimelaget var aggressive i starten av kampen, og Åheim sleit med å få til noko spel. Eit kvarter ut i omgangen avanserte Nils Petter Sæther, og skaut frå seksten meter. Treffet på ballen var ikkje godt, men likevel trilla ballen i mål og 2–0. Nokre minutt seinare sette Rolf Audun Vartdal fart på høgresida. På bakarste stolpe venta Sæther, og han skåra sitt andre mål for dagen.

Reduseringar ved Pedersen

Åheim slo tilbake to minutt seinare då Andre Pedersen vart spelt gjennom, og han sette inn reduseringa. Fem minutt seinare vart same mann spelt gjennom, og sette kontrollert inn 2-3. Då var det kamp igjen. Med eit kvarter igjen av omgangen jobba Vartdal Midtgård ballen oppover i bana og fann Dan Andre Johansen. Han nytta  farta si til å kome seg gjennom feltet, og på bakarste stolpe venta Sæther. Han ordna 4–2. Heimelaget skapte fleire store sjansar i første omgang, og Rolf Audun Vartdal burde ha hatt to skåringar før pause. Vartdal kontrollerte resten av omgangen, og gjekk til pause med ei tomålsleiing.

Vartdal-dominans

Det skulle ikkje ta lang tid i andre omgang før målfesten var i gang. Etter fire minutt utnytta Johansen ein forsvarsfeil, sende ballen til Sæther som sette inn sitt fjerde for dagen. Minuttet etterpå sette Vartdal fart inn i feltet, og ballen enda til slutt hos Frank Ristesund som banka han i mål frå 17 meter. Etter 53 minutt pressa Vartdal godt, og vann ballen i gunstig posisjon. Ballen vart spelt til Rolf Audun Vartdal som kontrollert sette inn sitt første for dagen. Sju minutt seinare sette Sæther fart på venstresida og la eit godt innlegg. I feltet stod Vartdal heilt umarkert og nikka inn 8–2. Etter 70 minutt spelte Vartdal gjennom Thomas Vartdal, som aleine med målvakta ordna 9–2.

Første mål for Roth

Bortelaget gjekk totalt i oppløysing utover i omgangen, og dette førte til stor boltreplass for angrepsrekkja til Vartdal. Sæther nytta farta si etter 78 minutt, og sette inn 10–2. Minuttet seinare jobba Rolf Audun Vartdal til seg ballen, fann Sæther i feltet og 11–2. Minuttet etter der igjen la Sæther eit innlegg som gjekk  i ein forsvarsspelar, og i mål. Trenar Kenneth Nydahl gjorde mange bytte utover i omgangen, men Vartdal heldt fram med å skape sjansar og dominere banespelet. Fem minutt før slutt fekk Anders Vartdal ballen på 16 meter, og ordna 13–2 med eit langskot. Steffen Roth fekk æra av å avslutte skåringsballet med sitt første seniormål like før slutt. Det vart kjemping i feltet etter eit frispark. Ballen landa i beina på Roth som banka inn 14–2 frå eit par meter. Både Vartdal og Åheim fekk kvar sine mål annullerte for offside i løpet av andre omgang.

– Kan ikkje vere noko anna enn nøgd

Før kampen mot Åheim understreka Nydahl at dette var ein kamp dei måtte og skulle vinne, og etter kampen hadde ikkje trenaren mykje å utsetje på prestasjonen til spelarane.

– Eg kan ikkje vere noko anna enn godt nøgd, sett vekk frå dei sju minutta i første omgang då vi slapp inn to mål. Åheim gjekk fullstendig i opp i liminga etter kvart, og på Remen skal vi ikkje tape i år, seier Nydahl.

– Fekk utlikna målforskjellen

Med tre poeng ligg Vartdal no to poeng bak serieleiar Emblem og Stordal. Vartdal kan også ta med seg tolv plussmål frå kampen, og det gjer at laget er det mestskårande i serien så langt i tillegg til å ha betre målskilnad enn dei andre topplaga.

– Vi fekk utlikna ein god del på målforskjellen. Eg såg også Stordal mot Hovdebygda/Volda 2, og utifrå det eg såg så er Emblem eit vesentleg betre lag enn Stordal.

Åheim har ikkje lukkast med å spele gode kampar i Ørsta kommune. På to kampar har det vorte totalt 23 mål imot, og dei er truleg glade for at det ikkje vert fleire turar til Ørsta denne sesongen.

Sæther toppskårar

Vartdal møter Bergsøy 2 på bortebane komande veke, før det vert ein viktig heimekamp mot Stordal på Remen. Med seks mål for Sæther er han også toppskårar i femte divisjon med ti mål på fem kampar.