Åmdal-trenar Svein Erik Grevsnes jublar etter at tingsamlinga i Sunnmøre fotballkrets laurdag vedtok å utvide femte divisjon til tolv lag. Det medfører at Åmdal ikkje rykkjer ned etter poengstraffa klubben fekk etter at sesongen i år var ferdig.

Poengstraff

Åmdal enda på den siste ståplassen i femte divisjon etter ferdigspelt serie i år. Hovdebygda låg på plassen bak, og dermed nedrykksplass. Men så vart det oppdaga at Åmdal hadde nytta ein spelar uløyves, og Hovdebygda IL klaga på dette. Både Sunnmøre Fotballkrets og Norges Fotballforbund gav Hovdebygda medhald, og gav Åmdal ei poengstraff. Det medførte at Åmdal og Hovdebygda bytta plass på tabellen.

Tolv lag

For å unngå nedrykk, arbeidde då Åmdal IL med å få utvida femte divisjon til tolv lag, og ikkje ti som i dag. Ei slik endring måtte krinstinget vedta. Og det skjedde altså på krinstinget i Ålesund laurdag.Det var ei dramatisk røysting, der det måtte røystast to gonger for å avgjere saka. Til slutt fekk Åmdal IL det fleirtalet som var naudsynt.

Lokaloppgjer

Dermed vert femte divisjon komande sesong prega av mykje lokal fotball. Både Vartdal, Hovdebygda, Sæbø og Åmdal spelar i same divisjon, og det vil gje mange lokaloppgjer.