Torsdag var det klart for eit klassisk oppgjer i fotballen på søre Sunnmøre då Ørsta tok imot Hareid på Ørsta stadion. Heimelaget leverte ein kamp under pari borte mot Blindheim i førre runde, og gjekk på eit 1–4 tap. Hareid hadde besøk av Godøy på heimebane og tapte litt overraskande 3–4. Begge lag var på jakt etter tre nye poeng, men mange av førehandstipsa var at denne kampen kom til ende uavgjort.

Hareid i føringa

Ørsta tok initiativet i kampen frå start, og kunne notere seg tre sjansar i statistikken det første kvarteret. Hareid var effektive, og Kim Tore Husøy skåra på bortelaget sin første sjanse etter 18. minutt. Preben Alexander Olsen hadde eit fint raid noko minutt seinare, men avslutninga gjekk over. Bortelaget var heller ikkje ufarlege, og etter 22 minutt var ballen stussa like utanfor etter ein dødball. Ørsta fekk mykje bakrom å boltre seg i, og Terje Rebbestad kom til fleire gode innlegg. Etter ein halvtime var Anders Molnes først på eit av desse innlegga, men headinga gjekk over. Fem minutt før pause var Ørsta farleg frampå igjen, men skotet vart blokkert inne i femmeteren. I staden for utlikning var det Hareid som fekk teljande resultat. Eit minutt før pause var Audun Øvrelid første på eit hjørnespark, og heada Hareid opp i ei 2–0 leiing.

Utlikning på overtid

Hareid opna best i andreomgang og hadde ein lobb som gjekk i tverrliggjaren allereie etter to minutt. Fem minutt seinare var Øvrelid nær ved å skåre sitt andre for dagen, men headinga gjekk over. Heimelaget kom meir med utover i omgangen, og byrja å skape sjansar igjen. Då det var spelt 77 minutt fekk Eskild Dagfinrud avslutta på eit innlegg frå Olsen, og sette sjølv returen i mål. Begge lag hadde sine sjansar etter reduseringa. På overtid brysta Tord Are Rudi gjennom Jan Marius Brekke. Han gjorde ingen feil framfor mål, og sette inn utlikninga.